Hopp til innhald

Fagstoff

Skam og ære i dag

Sagaene frå vikingtida fortel at omgrepa skam og ære gjennomsyra den norrøne kulturen. Men kva rolle har skam og ære i Noreg i dag?

Vikingkulturen

Det norrøne samfunnet var eit såkalla kollektivistisk samfunn. Det vil seie at storfamilien og gruppa har ei viktigare rolle enn individet. Derfor var òg omsynet til kollektivet tungtvegande. Om ein mann eller kvinne gjorde noko som braut med normene, kunne det føre til skam for heile familien. På same vis kunne individet opptre ærefullt, noko som kasta glans over alle i slekta.

Dagens kultur

I dag er ikkje Noreg lenger eit kollektivistisk samfunn. I staden dyrkar vi sjølvstende og vala og moglegheitene til enkeltindividet. Vi kan seie at vi lever i eit individualistisk samfunn. Sjølvsagt er mange av oss opptekne av kjernefamilien, men i motsetning til det norrøne samfunnet er det ikkje slik at heile omdømmet til familien nødvendigvis blir øydelagt om ein medlem av han gjer noko gale.

Ære i Noreg i dag

Om du søkjer på orda "ære" "Noreg" på internett, vil mange av søkeresultata handle om

  • ære i vikingtida
  • ære i innvandrarkulturar

Betyr det at omgrepet "ære" er gått ut på dato i det moderne og Noreg?

Det er vanskeleg å vurdere den kulturen vi lever i her og no, så i denne artikkelen stiller vi spørsmål og undrar oss. Kanskje har du andre spørsmål og moglege svar? Skriv dei ned!

Les med eit kritisk blikk

Les denne teksten om moderne skam og ære kritisk. Er du einig i synspunkta i artikkelen? Noter gjerne undervegs i lesinga.

Ære og skam i innvandrarkulturar

La oss først gå inn på eit av dei vanlegaste treffa når vi søkjer på orda "ære" på internett – den æreskulturen som nokre innvandrargrupper har teke med seg frå heimlandet sitt til Noreg.

Først og fremst vil mange forbinde ære med "æresdrap", "tvangsekteskap" og menn som passar på jentene i familien, så dei ikkje skal bringe skam over slekta. Kanskje forbind du òg denne æreskulturen med innvandrarar frå muslimske land, som Pakistan, Afghanistan og Syria? Somme av desse innvandrarane kjem frå såkalla kollektivistiske kulturar og skal tilpasse seg den individualistiske levemåten i Noreg.

Sofia Srour og Nancy Herz har kjempa mot den manglande fridomen til minoritetsjenter. I serien Skamløs fortel dei om – og intervjuar – kvinner som har opplevd problem dei kan få når dei veks opp i ein familie der æreskulturen står sterkt.

Det skal seiast at det nok ikkje berre er kvinner som kan oppleve det som vanskeleg å vekse opp i ein æreskultur i det moderne Noreg. Unge minoritetsmenn kan òg føle seg pressa til å velje partnar frå same kultur. Dessutan er det nok ikkje alle som set pris på rolla som den moralske voktaren til søstera eller kusina. I tillegg er ikkje homofili godteke i visse innvandrarmiljø.

Ære og skam i kriminelle miljø

Æresomgrepet står framleis sterkt i somme kriminelle miljø. Her er det mange normer for kva som fører til heider og ære, og kva som fører til skam. Somme av desse ideala kan likne dei norrøne machoverdiane: Det er viktig å halde ord, ikkje vere feig og vise handlekraft. Også aksepten for vald, som er uvand for dei fleste "lovlydige" i Noreg, kan vi finne igjen i dei norrøne sagaene.

Eit godt innblikk i dette miljøet gav journalisten Kjetil Østli oss i boka Politi & Røver (2009). Østli er akademikar, lite macho og lever eit A4-liv. Han følgjer kriminelle Petter R. Hansen (pseudonym) i tre år. Hansen sine verdiar og forteljingar om eigne opplevingar gir lesaren eit innblikk i ei verd som set æresomgrepet høgt.

Men kva med ære hos A4-mennesket?

Samtidig er det slik at Østli i lita grad kjenner seg igjen i dei kriminelle sitt syn på ære og skam. Vil det seie at ære berre eksisterer i konservative innvandrarmiljø og blant hardbarka kriminelle?

For å få eit svar på spørsmålet kan det hjelpe å finne ut kva orda "ære" rommar. For kanskje er det slik at vi ikkje bruker ordet så ofte lenger, men har andre omgrep som rommar det same? I ordboka blir ære definert som både "respekt", "verdigheit", "ry" og "beundring".

Korleis får individet ry, og korleis opplever det beundring i Noreg i dag?

Idrett og ære

Mange vil nok seie at idrettsheltane våre blir sette høgt. Når dei står på podiet med gullmedaljen under store meisterskapar, blir dei beundra og heidra. Kanskje er det ikkje berre dei som er så gode at dei kjem på TV, som opplever dette. Det å vere god i sport som ungdom er ofte ein snarveg til popularitet blant jamaldra.

Diskuter: Er de einige i det som står her? Fører gode idrettsprestasjonar til ære i ungdomsmiljø?

Skam og ære heng nøye saman. Dei av idrettsheltane våre som har aller høgast status, står derfor i fare for å oppleve det største ærestapet. Ein av dei store folkeheltane våre, Petter Northug, blei arrestert mistenkt for ruskøyring for andre gong i 2020. Då kan vi kanskje snakke om eit ærestap? Rett nok viste blodprøva at han ikkje var påverka av narkotika medan han køyrde, men Petter Northug innrømde rusproblem og sa at han "skamma seg". (Rasmussen & Strøm & Kjølberg, 2020).

Skule, karriere og ære

Skule er viktig for norske ungdomar. I dag er det slik at det er få jobbar for dei som ikkje fullfører skulen. Politikarane er opptekne av dei som ikkje fullfører skulen og er redde for at unge menneske fell ut av samfunnet om dei ikkje har vitnemål frå vidaregåande skule. Målet for mange ungdomar er å få gode karakterar, sidan det er vegen til studiar som kan føre til ein respektert jobb.

Kanskje er det slik at dei som lykkast med dette – å få gode karaktar, studere og få ein "fin" jobb – blir sette opp til? Kan vi seie at det er ærefullt å lykkast på skulen og på jobbmarknaden?

Dei siste åra har fleire politikarar teke til orde for å heve statusen til yrkesfaga. Det er slett inga skam å bli røyrleggjar, men har medisinstudenten på 22 år høgare respekt enn den jamaldra røyrleggjaren eller snikkaren som er i jobb?

Diskuter spørsmåla som blir stilte over. Vil de seie at somme yrke er meir respekterte enn andre? Kvifor er det i så fall slik?

Skamma når du ikkje lykkast

Om det er slik at suksess på skulen og i arbeidslivet fører til ære, så må vel det motsette føre til skam? Dei som ikkje får til verken skule eller jobb, men fell utanfor samfunnet, fortel ofte at dei kan føle på skam.

Novellesamlinga Arbeidsnever av Jan Kristoffer Dale tematiserer nettopp dette. Mange av hovudpersonane er unge menn som ikkje har lykkast på skulen og heller ikkje finn seg til rette i arbeidslivet. Dale har i intervju fortalt at opplevingane og kjenslene er sjølvopplevde. Han gjekk ut av skulen med dårlege karakterar og blei sitjande uverksam heime. I eit intervju med Manifest tidsskrift fortel han kvifor mange av karakterane i novellene hans har skamkjensle:

Jeg tror den kommer av å ikke innfri samfunnets forventinger. Våre foreldre kunne bare bli ferdig med folkeskolen og få seg en jobb, men for min generasjon er det mye høyere krav til utdanning. Jeg tror det er en skam som kommer av det å ikke klare den løypa som er lagt opp for deg, og som alle andre rundt deg klarer. (Lappegård Lahn, 2017)

Kropp, ære og skam

Har du lykkast med å oppnå respekt og ære om du får gode karakterar, og ein god jobb er i vente? Tja. Du kan vere så flink du berre vil – seier nokon – men er du tjukk, vil du uansett ikkje oppleve ære. Dette kan høyrast ut som ein dryg påstand, men mange overvektige fortel at dei ikkje blir tekne seriøst, same kor godt dei gjer det elles i livet. Samtidig kjenner vi til mange overvektige menneske som har maktposisjonar i Noreg. Betyr det at ære og skam ikkje heng saman med kropp?

Kroppsideala endrar seg. Medan kvinna på 90-talet skulle vere tynn, skal ho på 2020-talet vere veltrent, ha lite kroppsfeitt og yppige former. Det er det vanskeleg å leve opp til. Kroppen til mannen skal òg vere veltrent, og feittprosenten skal vere låg. Det er mykje hard jobbing på helsestudio bak ein slik kropp.

Faktisk er det slik at dei som er attraktive, oftare får jobb enn dei mindre fine og overvektige. Dette kan høyrast utruleg ut, men det er faktisk heilt sant. (Paszkiewicz og Vaglieri, 2017)

Den unge forfattaren Maria Kjos Fonn set ord på tabuet i kommentaren "Kjøttskam". Ho skriv: "En overvektig person bærer ingen skam. Overvekt skal ikke trenge å bli unnskyldt med, for eksempel, overgrep. Det er helt greit å bare ha en overvektig kropp." (Kjos Fonn, 2020).

Einsemd og skam

Det fine, veltrente, velutdanna individet – har vi æresidealet i det moderne Noreg no?

Ikkje heilt. For eit anna ideal er det å ha ein stor omgangskrets. Det kan verke paradoksalt i eit samfunn der vi hyllar individualismen, men du blir nok ikkje respektert om ingen vil vere saman med deg. Venekretsen har på mange måtar erstatta den rolla familien hadde for individet tidlegare.

For den einsame kan skamma ved å ikkje ha vener bli forsterka av sosiale medium. Det er ikkje særleg ærefullt å sitje heime aleine medan "alle" andre legg ut bilete av seg sjølv på fest, fotballturar og venninnekveldar.

Ære i dag oppsummert

Spørsmålet "Kva rolle har skam og ære i dag?" er vanskeleg å svare på presist. Samanliknar vi det moderne, norske æresomgrepet med det norrøne, vil vi sjå at svara på kva som gir ære, blir vagere i Noreg på 2000-talet enn på 1000-talet. Årsaka er jo først og fremst at Noreg ikkje lenger er ein æreskultur, slik vi var for 1000 år sidan. I tillegg er det vanskelegare å studere og setje ord på trekk ved den tida vi sjølv lever midt opp i, enn den vi kan sjå tilbake på og studere.

Men kanskje er svaret at det moderne individet har kontroll? Det har kontroll over eige liv på den måten at det heilt på eiga hand klarer å skaffe seg ein god jobb, masse vener og ein attraktiv kropp.

Diskuter

Diskuter dei momenta som ifølgje denne artikkelen fører til ære og skam.

  • Er de einige i at nettopp desse momenta er viktige når vi skal definere moderne skam og ære?
  • Kva andre moment ville de eventuelt hatt med?

Kjelder

Kjos Fonn, M. (07.03.2020). Retten til å være stygg virker som en større feministisk kampsak enn retten til å være vakker "på sin måte". Aftenposten. Henta frå Aftenposten.no.

Kjølberg, S. Rasmussen, E. og Strøm, O.K. (22.08.2020). Hva nå Petter? VG. Henta frå https://www.vg.no/nyheter/i/ad4rp3/hva-naa-petter

Lappegård Lahn, Å. (08.08.2017). Håper boka irriterer de rette folka. Manifesttidsskrift. Henta frå https://www.manifesttidsskrift.no/haper-boka-irriterer-de-rette-folka/.

Paszkiewicz, Z og Vaglieri, M.(09.12.2017). Vakker makt. NRK. Henta frå https://www.nrk.no/kultur/xl/vakker-makt-1.13724782.

Relatert innhald

Kva ideal fanst for den norrøne kvinna? Korleis blei ho ei respektert kvinne med ære? Historier frå ættesagaene fortel mykje om dette.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020

Læringsressursar

Skam og ære