Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er det umoderne å skamme seg?

Skam er ei vanskeleg kjensle å kjenne på – du vil berre forsvinne frå blikket til dei andre og grave deg ned. I denne oppgåva skal de diskutere eigne skamkjensler, lese eit utdrag frå Karl Ove Knausgårds debutroman Ute av verden og diskutere ein kronikk skrive av ein som meiner skam er bra.
Ung kvinne ligg på senga med hendene over ansiktet. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva er skam?

Diskuter i grupper:

  1. Kva er skam?

  2. Kan du komme på nokon episodar der du har kjent skam? Del med dei andre om du er komfortabel med å fortelje om det.

  3. Dukkar skamkjensla ofte opp hos dykk? Kva er det i så fall som utløyser det?

  4. Diskuter sitata frå Finn Skårderud og Jean Paul Sartre under. Kva betyr dei? Er de einige i det dei skriv?

Jean Paul Sartre om skam:

”Skammen er en skam over seg selv overfor den andre, de to strukturene er uatskillelige.” Skammens vesen er knyttet til selviakttakelsen, å se seg selv med andres blikk. Den akutte skammen utløser en kroppslig lengsel etter å bli borte, å dekke seg til og ”å synke i jorden”.

(Skårderud, 1998, s. 137)

Finn Skårderud om skam:

Er det umoderne å skamme seg?

Jeg vil anvende dette spørsmålet som springbrett for å diskutere hvordan skammen endres i kulturen. I min fortolkning forsvinner ikke skammen i det moderne, men den blir mindre synlig som en kollektiv samtale om rett eller galt, godt eller dårlig. Beretningen om vestlig moderne skam er ikke beretningen om en tapt skam, men om en transportert skam. Det er en transport fra kollektiv norm til mer individualiserte normer, mot den individuelle psykologien. Skammen privatiseres. En slik transport kan bety at vi mister det tradisjonelle språket om den. Det kan bety at skammen blir tausere og mer ensom. At skammekroken ikke finnes i klasserommet, betyr ikke at eleven ikke skammer seg.

(Lamark, A. 2018)

Del 2: Skam i Ute av verden av Karl Ove Knausgård

No skal de lese dei første sidene av romanen Ute av verden (1998). Hovudpersonen i romanen er den unge mannen Henrik Vankel som flyttar frå Sør-Noreg til Nord-Noreg for å jobbe som lærarvikar. Henrik er ein mann som ofte kjenner på skam og sjølvhat.

Sjå gjerne intervjuet med Karl Ove Knausgård for ei innføring i kva Ute av verden handlar om:

A. Jobb åleine

Les utdraget under. Mens du les, skal du notere ned

  • setningar som viser at Henrik Vankel kjenner på skam

  • kva som utløyser skamkjensla

B. Samarbeid i par eller grupper

  1. Samanlikn svara dykkar.

  2. Diskuter: Har Henrik Vankel grunn til å kjenne skam i dei ulike passasjane av boka? Er det nokon av tankane og hendingane som er skamfulle, eller er skamkjensla hans heilt grunnlaus?

  3. Kva rolle speler "blikket til dei andre", altså tanken på korleis andre menneske oppfattar han, for Henriks skamkjensle? Grunngi ved å vise til minst eitt sitat.

  4. Utdraget viser at kjensla av skam skaper kroppslege reaksjonar hos Henrik Vankel. Korleis?

  5. Kan de kjenne dykk igjen i utdraget på noko som helst vis? Eller er det gammaldags og umoderne å skamme seg? Grunngi svaret og vis til eigne kjensler og/eller opplevingar.

Del 3: Håvard Tjora om skam

Les kronikken "Skam i en skamløs tid" av Håvard Tjora på NRK Ytring.

Jobb i grupper:

  1. Kva er hovudsynet i kronikken?

  2. Er de einige i hovudsynet til Tjora? Diskuter i gruppa.

  3. Kvifor trur de Tjora har kalla kronikken "Skam i en skamløs tid"? Betyr det at vår tid er skamlaus, og at skamma er gått ut på dato?

Del 4: Skriv ein tekst om skam

Vel ei av oppgåvene under:

  1. Skriv ein tekst på cirka 400 ord der du viser korleis kjensla av skam dominerer livet til Henrik Vankel, hovudpersonen i romanen Ute av verden. Bruk sitat for å grunngi. Sjå gjerne på presentasjonen under om korleis du baker sitata inn i teksten din.

  2. Skriv eit kort essay (cirka 500 ord) der du reflekterer over kva rolle skam speler i dagens samfunn. Ta utgangspunkt i dei to vedlegga over.

Relatert innhald

Den norrøne kulturen var ein æreskultur. Men kva fører til ære og skam i det moderne Noreg?

Revygruppa på Elvebakken videregående skole snakkar saman om kva dei meiner om skam og ære.

Kjelder

Lamark, A. (2018, 8. september). Skam. Psykoterapi og frihet på Psykologtidsskriftet.no. Henta frå https://psykologtidsskriftet.no/fra-praksis/2018/09/skam.

Sitatet frå Jean Paul Sartre er henta frå Finn Skårderuds bok Uro (1998), gitt ut ved Oslo: Aschehoug.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Skam og ære