Ære og skam i Kristin Lavransdatter og i Hva vil folk si
Sjå filmen Hva vil folk si. Diskuter deretter:
Korleis vil de karakterisere forholdet mellom far og dotter i filmen?
Korleis er forholdet mellom far og mor?
Korleis utfordrar Nisha synet foreldra har på skam og ære?
Kva slags inntrykk får de av Nishas far? Kvifor handlar han slik han gjer, trur de?
Kva rolle meiner de skam og ære har i filmen?
Kransen er første bind i Sigrid Undsets trilogi om Kristin Lavransdatter. Handlinga er lagt til 1300-talet i Noreg, og vi får oppleve Kristins oppvekst på ein gard i Gudbrandsdalen. Ho har eit svært godt forhold til faren Lavrans, men forholdet blir sett på prøve då ho nektar å gifte seg med den faren har valt ut til henne. I staden forelskar ho seg i riddaren Erlend.
Steg 1. Første møte mellom Kristin og Erlend
Sjå filmen frå 00:43:00–00:50:00
Prøv å beskrive kjenslene som oppstår første gong Kristin og Erlend får auge på kvarandre.
Kristin er lova bort til Simon Darre. Eit forhold mellom Kristin og Erlend er derfor vanskeleg og går på æra laus. Kvifor trur de den forbodne kjærleiken er eit tema som alltid har fengsla menneske?
Steg 2. Lidenskap, tvil og skam
Relatert innhald
Utvalde utdrag frå Kristin Lavransdatter som handlar om den forbodne kjærleiken til Erlend og tvilen hennar.
Les utdraga frå Kristin Lavransdatter (over). Fleire av utdraga består av dialogar. Fordel gjerne roller og les desse høgt i klassen.
Diskuter deretter desse spørsmåla i grupper:
Korleis vil de karakterisere forholdet mellom Kristin og faren i utdraga? Grunngi ved å vise til tekstsitat.
Kva inntrykk får de av Kristin? Og kva inntrykk får de av far hennar, Lavrans?
Kva for nokre ulike valmoglegheiter har Kristin i den situasjonen ho er i?
Kva er argumenta til broder Edvin og faren for at ho bør velje plikta framfor kjærleiken?
Korleis argumenterer ho overfor seg sjølv og far sin for at ho skal få Erlend?
Jobb åleine:
Samanlikn forholdet mellom far og dotter i dei to tekstane. Skriv ned både likskapar og forskjellar.
Korleis tematiserer tekstane skam og ære? Vis til døme.
Romanserien om Kristin Lavransdatter vart skriven i periode vi i litteraturhistoria kallar nyrealismen. Eit typisk kjenneteikn var at bøkene tematiserte etiske val. Nyrealismen vart derfor kalla ein etisk realisme. Vis korleis dette kjem til syne i både utdraga du har lese og filmen du har sett.
Jobb i grupper:
Samanlikn svara dykkar.
Skriv ein tekst på 500–800 ord. Teksten din skal bestå av
ei kort innleiing som presenterer tekstane
eit avsnitt der du samanliknar tekst i kontekst i tekstane
eit avsnitt der du viser korleis tekstane tematiserer val, skam og ære
ei avslutning der du reflekterer fritt over temaa i tekstane
Bruk gjerne modellteksten under til hjelp når du skal samanlikne tekstane. Det er eit godt avsnitt der stemma til Jamal i romanen Tante Ulrikkes vei blir samanlikna med stemma til Samuel Massie i biografien Hold fast!
Diskuter desse to spørsmåla i klassen:
Kvifor fengjer temaet ulovleg kjærleik så mange?
Bortsett frå i enkelte konservative religiøse miljø, finst det eigentleg ulovleg kjærleik i Noreg lenger? Kan ikkje alle bli saman med kven dei vil i det frigjorte samfunnet vårt?
Relatert innhald
Den norrøne kulturen var ein æreskultur. Men kva fører til ære og skam i det moderne Noreg?
Som nyrealistisk forfatter var Sigrid Undset (1882-1949) oppteken av etiske problemstillingar og historiske forteljingar.