Hopp til innhald
Øving

Eksperimenter med komposisjonsprinsipp

Bruk ulike komposisjonsprinsipp og bli klar over korleis du plasserer element i forhold til kvarandre. Krusedullar, punkt, sirklar, trekantar, firkantar – alt er greitt i denne øvinga. Vel det du vil av reiskapar og materiale, og utforsk moglegheitene.

Tips til læraren

Start gjerne med at elevane snakkar saman to og to om kva komposisjon kan vere.

Ark eller skissebok?

Vurder om det skal brukast eige ark som skal hengast opp, eller om elevane skal bruke skissebok. Ark elevane har arbeidd på, kan lett forsvinne, så det kan vere ei god løysing å gjere øvingar i skisseboka. Elevane har då desse øvingane som referansar for seinare arbeid.

Øve på måling og å bruke T-linjal

Øvinga er eit høve til å lære elevane å bruke T-linjal og å jobbe nøyaktig med eit oppsett. Like verdifullt er det å teikne opp omtrentlege mål og plasseringa av dei på rutene og berre fokusere på sjølve komposisjonsprinsippa.

Lage ein mal

Det går òg an å lage ein mal i papp i same storleik som rutene. Ein mal som har 105 mm breidde og 75 mm høgde (A7-format) har same proporsjonar som A-serien. Komposisjonen kan derfor lett forstørrast til å passe til til dømes eit A3-format. Elevane kan trene på nøyaktig måling og kutting om dei lagar sin eigen mal i kartong.

Utskrift av oversiktsark

Ei utskrift til kvar elev av PDF-en med oversikt over komposisjonsprinsippa (nedanfor) er formålstenleg. Då treng ikkje elevane å ha datamaskina framme. Dette er òg ein fordel for merksemd og nærvær i oppgåva.

Lære av kvarandre

Halvvegs i arbeidsøkta kan elevane sirkulere i klasserommet og sjå på korleis dei andre har løyst oppgåva så langt.

Plakat til klasserom

PDF-en med oversikt over komposisjonsprinsippa kan skrivast ut i stort format utan å miste kvalitet. Han kan til dømes hengast opp i klasserommet som referanse gjennom skuleåret. PDF-en kan òg redigerast i Illustrator.

Tips om denne metoden

I denne metoden set du opp små ruter på ei side i skisseboka di. Fordelen med dette er at du:

  • kan komme over "skrekken for det blanke arket".

  • kan utforske idéskisser, teknikkar, fargar og komposisjonar i eit lite format.

  • kan eksperimentere og teste ut ulike idéar som forarbeid til eit større prosjekt.

Bruk denne metoden i oppgåver du skal jobbe med, også i framtida. Storleik og talet på ruter kan du justere slik at det passar til det prosjektet du skal jobbe med.

Utstyr

  • teikneark i A3-format

  • blyant

  • valfrie reiskapar og materiale, til dømes fargeblyantar, tusjar, måling, papirbitar eller utklipp frå magasin

Del 1: Set opp rutene

Fritt oppsett

Teikn opp 3 x 3 ruter som er omtrent 10 x 7 cm på eit eller fleire ark. Skisseboka eignar seg godt til dette.

Stramt oppsett

Viss oppgåva skal stillast ut, blir det bra å bruke eit stramt oppsett. Då teiknar du opp 3 x 3 ruter på eit liggande A3-ark. Set opp den første ruta 16 mm frå toppen av arket og 32,5 mm frå venstre side. Rutene skal ha ei breidde på 105 mm og høgde på 75 mm. Mellom rutene skal det vere 20 mm. Bruker du desse måla, vil rutene få jamn fordeling på arket.

Dette kan verke pirkete og omstendeleg, men gjer det til ein vane å jobbe nøyaktig med oppsettet i denne øvinga. Her er det berre rammene som følger eit stramt oppsett.

Du kan laste ned ei oversikt med beskriving av komposisjonsprinsippa under her.

Del 2: Lag dine eigne komposisjonar

Lag dine eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Du kan bruke dei teikne- og målereiskapane du vil. Du kan bruke meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram. Skriv kva komposisjonsprinsipp som blir viste under kvar rute. Det er ikkje fasitsvar på korleis ein komponerer. Prinsipp er berre ei hjelp til å komme i gang.

Del 3: Bonusoppgåve

Ta den komposisjonen du liker best. Lag ein ny versjon på A5-format og juster han etter ønske.