Hopp til innhald
Fagartikkel

Persepsjon

Persepsjon handlar om korleis vi oppfattar og fortolkar inntrykka vi får via dei fem sansane våre: syn, høyrsle, lukt, smak og berøring.

Persepsjon handlar om oppfatning

  • korleis hjernen grupperer ting som liknar kvarandre
  • korleis hjernen kan forenkle inntrykk
  • korleis vi kan sjå rom på todimensjonale flater
  • korleis hjernen skaper heilskap av delar og skaper samanhengar
  • korleis vi oppfattar fargar, og korleis dei påverkar oss

Simultankontrast

Simultan betyr samtidig. Ein farge blir påverka av fargane rundt. I bildedømet er same gråfarge brukt, men han opplevast ulikt alt etter kva farge han står saman med. Kontrasten oppstår fordi auget vil ha balanse og framkallar motfargen.

Form og volum

Det tredimensjonale blir definert som alt som har lengde, breidde og djupne. Med andre ord: form og volum. Ein kube er ein tredimensjonal, geometrisk form. Når vi til dømes lagar skisser og presentasjonar, jobbar vi med å skape illusjon av rom og volum på ei todimensjonal flate.

Persepsjonslover

Desse "lovene" prøver å setje måten vi oppfattar og tolkar inntrykk på, i system:

  • nærleiksprinsippet
  • likskapsprinsippet
  • heilskapsprinsippet

Perseptuell organisering

Nærleik

Hjernen vil automatisk prøve å ordne gjenstandar i grupper. Element som står nær kvarandre, oppfattar vi gjerne som samhøyrande.

Likskap

I illustrasjonen som består av svarte og kvite kvadrat, oppfattar du kanskje først dei ni svarte loddrette rekkjene, før du ser dei seks vassrette rekkjene med annankvar svart og kvit firkant. Det er vanskelegare å oppfatte dei vassrette rekkjene, der annakvart kvadrat er svart. Vi grupperer ting som liknar kvarandre, som har same form, storleik eller farge.

Heilskap

Vi ønskjer å sjå på omgivnader som så heile som mogleg. Vi oppfattar eller ser helst lukka former, viss det er mogleg. Dersom du tek bort den eine linja i ein kube, kan vi framleis oppfatte det som ein kube. Dette kan vi utnytte i komposisjonar, ved at vi kan tenkje oss at det òg er usynlege rammer som held komposisjonen saman.

Du kan ikkje oppfatte alt

Persepsjon er utveljande, utfyllande og organiserande. Vi kan ikkje leggje merke til alt, så derfor vel hjernen vår noko ut for oss. Vi tolkar, fyller ut og kategoriserer informasjonen vi får.

Korleis er vi i stand til å sortere ut nokon hendingar framfor andre? Dei fleste forskarar er samde om at denne kunnskapen er eit resultat av læring, og at læringa skjer i ein kulturell samanheng. Heilt frå vi er små, lærer vi kva vi skal sjå etter, og kva som er viktig. Dette skjer gjennom fleire enkelterfaringar.

Persepsjon er kulturbestemt

Vi har lært omgrep og kategoriar som vi bruker til å systematisere inntrykka våre gjennom språket og det sosiale og kulturelle fellesskapet som vi er ein del av.