Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdeling av form

Alle former kan delast opp i mindre delar. Ved å forskyve delane i forhold til kvarandre kan du skape nye formuttrykk. Eksperimenter med å variere retning, avstand og posisjon. Vi skal sjå på korleis vi kan bruke forskyving i utvikling av logo- og produktdesign.

Ei form som er delt opp i mindre delar som blir forskyvde i forhold til kvarandre, blir kalla divisjonsform eller dividert form. Formene som oppstår i mellomromma, er like viktige som den positive forma.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2021

Læringsressursar

Komposisjon