Hopp til innhald

Fagstoff

Blikkfang

Korleis kan du få fram dei viktigaste elementa i eit produkt? Blikkfang kallar vi det punktet auget festar seg først ved. For å fange merksemda må du få punktet til å skilje seg ut frå omgivnadene. Det kan du gjere ved hjelp av plasseringa du gir punktet, eller ved hjelp av fargar eller former.
Kvitt interiør i eit kvitt rom der eldstaden er eit blikkfang og detaljar som puter og blomstrar er oransje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dominerande punkt

Det første auget ser i ein komposisjon, kallar vi eit blikkfang. Dette er eit punkt som auget blir trekt mot og festar seg ved. Eit tydeleg blikkfang kallar vi gjerne eit dominerande punkt eller element. Vi bruker blikkfang for å framheve dei viktigaste elementa.

Fargekontrast

Lysegrå sofa med fargerike puter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan bruke ein kontrastfarge for å skape eit blikkfang. Sterke fargar som raud, oransje og gul er aktive og poppar liksom litt fram. Kalde fargar vil framheve varme fargar. Mørke fargar vil forsterke verknaden av lyse fargar. Du kan bruke alle moglege fargekontrastar for å framheve det viktigaste i produktet ditt.

Blomsterbukett med store, runde blomstrar i raudt og oransje, taggete tistlar i blågrønt, og kvistar, strå og greiner med ulike fargar og former. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formkontrast

Vi har mange ulike formuttrykk. Kontrastar mellom formuttrykk kan framheve element. Motsetnader forsterkar kvarandre. Det kan vere ei rund form mot ei spiss form, ei lita form mot ei stor form, ei open form mot ei lukka form og ei organisk form mot ei geometrisk form. I buketten til høgre står små og større former i kontrast til kvarandre. Det er òg kontrast mellom den opne forma på blomstrane som strekkjer seg utover, og den lukka forma på blomstrane med krumma kronblad. I tillegg er det kontrast mellom dei rette linjene i stråa og dei krokete linjene i greinene.

Sirkelen

Ein messestand som består av to vegger med fargerike former, nokre tekstilprøver og eit signaturmøbel på eit rundt teppe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sirkelen er ei form som vi lett oppfattar, og som auget vårt stadig blir trekt mot. I messestanden til MIJO Studio er det brukt ein stor sirkel på golvet. På veggen bak ser vi òg mindre sirklar. Dei små sirklane framhevar den store, og sirkelen med møbelet på blir derfor eit blikkfang.

Geometrisk og organisk form

I same messestand er det òg ein tydeleg kontrast mellom geometriske og organiske former. Sirklane, dei rette linjene og rektangla i standen er geometriske former. Dette er former som kan teiknast med linjal og passar. Dei organiske formene vi ser på veggen og i tekstilane, er mjukare, meir naturlege og avrunda.

Plassering

Kvar du plasserer det viktigaste elementet i eit produkt, er med og avgjer kor tydeleg blikkfanget blir. Eit element du plasserer heilt mot kanten, vil ikkje kome like tydeleg fram som noko som får ein meir sentral plass. Midtstilling er eit sterkt verkemiddel som vil gjere alle andre element underordna. Det er to måtar å midtstille på. orientering gir som oftast eit roleg uttrykk, mens orientering som regel gir eit splitta inntrykk. Midtstilling kan fort bli så roleg og harmonisk at det blir kjedeleg. Tredelsregelen og det gylne snittet er gode alternativ når du skal finne ei plassering som er godt eigna for eit blikkfang.

Heisekran i solnedgang. Biletflata er delt i tre horisontalt og vertikalt med krana plassert i fokuspunktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tredelsregelen

Dersom du tenkjer deg at du deler flata i produktet eller arbeidet ditt i tre delar horisontalt og vertikalt, vil du få eit rutenett med ni ruter. Du kan plassere eit blikkfang, hovudmotiv eller element langs linjene eller i eitt av dei fire punkta der linjene kryssar kvarandre.

Det gylne snittet

Det gylne snittet er eit matematisk omgrep som kan likne litt på tredelsregelen. Forenkla kan vi dele ei linje i åtte like store delar, og då finn vi det gylne snittet i det femte snittet. Det gylne snittet er eit komposisjonsprinsipp som har vore brukt heilt sidan antikken.

Relatert innhald

Bruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

Ordet kontrast betyr «motsetnad» eller «forskjell». Store kontrastar skaper spenning, og små kontrastar skaper harmoni.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2020

Læringsressursar

Komposisjon