Hopp til innhald
Fagartikkel

Rørsle

Rørsle i ein komposisjon handlar om fart, retning, aktivitet og kraft. Rørsle i ein design skaper eit spennande og dynamisk uttrykk og er det motsette av ro og harmoni.

Rørsle

Dersom du ønskjer å skape liv og spenning i eit produkt, bør du bruke linjer, former og retning som gir rørsle. Ein komposisjon utan rørsle blir gjerne monoton og kjedeleg. Dynamikk skaper ei kjensle av aktivitet, liv og spenning.

Blikket følgjer linjer og former

Når vi snakkar om rørsle i ein komposisjon, er det som regel ikkje objekt som rører seg fysisk, vi tenkjer på. Det vi meiner, er korleis blikket vårt følgjer linjer eller former i komposisjonen. Linjer og former kan skape retningar.

Om eit produkt kjennest behageleg å sjå på, heng det ofte saman med at blikket blir leidd mot noko som vekkjer interesse. Å bruke linjer og kontrastar er effektivt for å leie blikket rundt i eit bilete, eller mot bestemte punkt. Ofte kan element i eit bilete plasserast slik at det blir danna usynlege linjer mellom dei.

Linjer

Retninga på linjene i eit bilete er med på å skape uttrykket.

  • og linjer skaper ro.
  • linjer, bølgjer eller s-linjer skaper rørsle, spenning, djupne og dynamikk.
  • Vertikale linjer gir eit inntrykk av høgd, kraft og verdigheit.

I biletdøma ser du bølgjete linjer i eit silketrykk. Vidare ser du korleis tekstilen er brukt til å trekkje eit møbel. Dette skaper spenning og liv i eit produkt som opphavleg er ganske statisk og roleg med dei geometriske formene og dei horisontale og vertikale linjene sine. Bølgjene i komposisjonen blir ein kontrast til den stramme designen.

Open og lukka form

Ei lukka form kan gi inntrykk av at ho trekker seg unna eller inn i seg sjølv. Ei rund form, til dømes ein blomster, vil vi kalle ei lukka form fordi auga våre følgjer sirkelen, slik at blikket heile tida blir trekt tilbake til forma.

Ei grein, derimot, har kvistar som strekkjer seg utover. Forma verkar som ho rører seg vidare utover. Ei slik open form verkar aktiv og dynamisk og skaper rørsle i komposisjonen.

Geometriske og organiske former

I naturen finn vi organiske former og linjer. Slike former gir inntrykk av å vere levande, naturlege, bølgjande, mykje og avrunda. Bruk av organiske former skaper spenning, liv og rørsle i ein komposisjon.

Geometriske former er konstruerte, rette og stabile. Slike former er meir statiske og vil skape meir ro. Former som har eit lågt tyngdepunkt, verkar òg meir stabile enn former med eit høgt tyngdepunkt. Geometriske former og linjer kan du lage ved hjelp av passar og linjal.