Hopp til innhald

Fagstoff

Åttebladrose

Fleire like formelement spegla rundt eit senter, er døme på eit ornament. Åttebladrose er eit ornament som er brukt i mange kulturar, og i ulike teknikkar og materiale. I Noreg kjenner vi ho frå strikketradisjonen som oppstod i Selbu i Sør-Trøndelag. Vi finn han òg i bunader og logoar.
Strikkevott dekorert med åttebladrose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Selbuvottens historie

Rutemønster med ei åttebladrose i grønt. Illustrasjon

Selbuvottens historie blir sagt å byrje med den 16-år gamle gjetarjenta Marit frå Selbu. Ein vintersøndag i 1857 møtte ho og søstera opp på kyrkjebakken med sjølvtrikka vottar med det flotte stjernemønsteret. Dette vekte oppsikt blant bygdefolket. Det å strikke med masker i to fargar var nytt, og det vart raskt populært. Fleire prøvde å overgå kvarandre i vakker utforming.

Marit Guldsetbrua Emstad (1841–1929)

Portrett av ei kvinne. Svart-kvitt-foto.

Marit Guldsetbrua Emstad frå Selbu har fått tilnamnet «mora til selbustrikkinga», fordi ho skal ha vore den første som leverte vottar med selburoser til Husfliden i Trondheim i 1897. Emstad kan ha henta inspirasjon frå eldre strikkeoppskrifter, treskurd og annan husflid. Liknande mønster finst òg i dei eldste mønsterbøkene frå Italia, Frankrike, Sveits og Tyskland på 1500–1700-talet.

Strikkemønster med åttebladrose. Foto.

I dag er det registrert rundt 300 ulike selbumønster. Dei fleste variantane er den såkalla åttebladrosa eller stjernerosa. Mønsteret fekk ofte namn etter gardar, personar, frå gjeremål eller ting henta frå dagleglivet. Døme på dette er: «tellrosa», «emstadrosa», «vêrhornrosa», «kaffekånnet» og «spyttklysa».

Det er heilt unikt at Selbu kjenner opphavet til strikketradisjonen sin. Marit Guldseth Emstad fortener ære for kreativiteten og utviklinga av det vi i dag kjenner som selbustrikking.

Broderi som er inspirert av et tradisjonell palestinsk mønster i rødt, blått og gult. Foto.

Åttebladrose i andre teknikkar

Åttebladrosa er kjent dekor i strikking, men blir attskapt i fleire teknikkar. Utforsk korleis ornamentet er brukt i ulike materiale. Vi skal vise nokre døme.

Tekstil

Vi finn åttebladrosa i hekling og saman med holsaum i hardangersaum. I bringeduken til Hardangerbunaden er han brodert som perlesaum. I det vovne åkledet, under til høgre, er åttebladroser gjenteke i eit flatemønster.

Laserkuttar

Det tradisjonsrike ornamentet blir brukt på nye måtar, også ved hjelp av digitale verktøy. Her er åttebladrosa skoren ut og gravert med laserkuttar og vorte til bordskånarar, knappar, markørar og nøkkelringar.

Bordskånar, knappar og nøkkelring med åttebladrosa som dekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Åttebladrose og Noregs Husflidslag skrivne i store bokstavar. Logo.

Noregs husflidslag har brukt åttebladrosa i merkevarebygginga si. Ornamentet representerer norsk tradisjonshandverk.

Seks rosa blad i ulike storleikar spegla rundt eit senter, saman med teksten Statoil. Logo.

Den tidlegare logoen til Statoil kan gi assosiasjonar både til teknikk og til selburosa. Men her har ornamentet seks blad i ulike storleikar.

Etter at Statoil gjekk over til Equinor, har logoen fått eit enklare uttrykk og ny farge. Storleikskontrasten mellom formelementa er gjord større.

Seks raude firkantar i ulike storleikar spegla rundt eit senter, saman med teksten equinor. Logo.

Kjelder

Selburose (2020, 21. august). I Wikipedia. Henta 04. november 2020 frå: https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Selburose&oldid=20699105

Sundbø, A. (1994). Kvardagsstrikk frå fillehaugen. Samlaget.

CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Ornament og mønster