Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Workshop for mønsterutvikling

Denne øvinga er fin for å setje i gang den kreative prosessen. De skal jobbe intuitivt og under tidspress for å sjå kva som skjer når de gir slepp på kontrollen og berre gjer. Tema for øvinga er gjentaking, og de skal måle ulike mønster.
Stort ark med utprøving av ulike måla mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • målereiskap: ein pensel i valfri storleik
  • limstift
  • saks
  • måling – bland ein valfri blånyanse og tynn målinga ut med vatn slik at ho blir lett å jobbe med
  • 20 A3-ark eller eitt stort som du deler inn i 20 område
Hand som prøver ut ulike penselstrøk på eit stort ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforsking: ulike måtar å lage teksturar med penselen på

De får to minutt til å prøve ut kor mange ulike uttrykk og teksturar de kan lage med penselen. Prøv å dekkje eit heilt A3-ark eller eit område med mange ulike forsøk. Her må de tenkje på kva trykk de legg på penselen, kva grep de har, retninga og vinkelen på penselen, og rørsla de gjer.

Mønster og gjentakingar

De skal tolke fleire beskrivande ord ved hjelp av nokre enkle reiskapar og reglar.

Del 1: Striper og linjer

Utprøving av mønster som er målte med linjer eller prikkar på store ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk seks A3-ark eller 6 område på eit stort ark.

De skal jobbe i 2 minutt på kvart ark/område og lage ulike mønster ved hjelp av striper og linjer. Eksperimenter med storleiksforhold, rytme og tettleik på stripene. Ved berre å måle striper og linjer skal de visualisere desse beskrivande orda:

  • organisk
  • geometrisk
  • kontroll
  • kaos
  • systematisk
  • usystematisk

Kvart ord skal bli til sitt eige mønster som dekkjer eit ark/område.

Del 2: Prikkar

Bruk seks nye A3-ark eller seks nye område på det store arket. De skal jobbe i to minutt på kvart ark/område og lage ulike mønster berre ved hjelp av prikkar.

Eksperimenter med storleiksforhold, rytme og tettleik på prikkane. Visualiser dei same beskrivande orda: organisk, geometrisk, kontroll, kaos, systematisk og usystematisk.

Del 3: Overflater og tekstur

Igjen skal de jobbe i to minutt på seks område, men denne gongen skal de måle ei dekkjande overflate / ein tekstur i kvart område. Visualiser dei same beskrivande orda som tidlegare: organisk, geometrisk, kontroll, kaos, systematisk og usystematisk.

Ulike teksturar er målte med grønmåling på eit stort ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Vel ei skisse

Vel ei av skissene dine og gi henne til sidemannen til høgre.

Del 5: Klipp skissa i bitar

Bruk saksa og klipp skissa du har fått, i fleire små bitar. Gi alle dei klipte delane vidare til sidemannen til høgre.

Del 6: Lag komposisjonar

Lim saman dei mottekne delane på ein ny måte. Du kan lime dei på ei av skissene dine eller på ein kvit bakgrunn. De skal bruke dei same beskrivande orda frå del 1 og jobbe etter.

Komposisjonar laga av oppklipte mønster. Biletkollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjon

Tenk over og diskuter i klassen:

  1. Korleis var det å jobbe på tid?
  2. Korleis var det å berre bruke ein målereiskap?
  3. Var det vanskeleg å gi frå seg skissa si?
  4. Korleis var det å klippe i arbeidet til nokon andre?
  5. Kva har de lært?

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

CC BY-SASkrive av Miranda Tengs Brun og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Ornament og mønster