Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Mønsterbygging og monotypi

Prøv ut ulike måtar å skape mønster på. Varier måten du gjentek formelementa på, og eksperiment med ulike teknikkar. Etterpå skal du kombinere eit mønster med monotypi og linjebruk. Eit utsnitt av dette kan bli til dekor på eit valfritt produkt.
Gjentakingar av sirklar, linjer og blomar. Trykk med penneteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr:

A3-teikneark
materiale til å lage stempel eller sjablongar
måling
penslar, rull, trykkplate
penn

Del 1. Eksperiment med mønsterbygging

Ver utforskande og test fleire teknikkar, gjerne på same ark. Noter kva du har gjort. Her er det prosessen som gjeld.

  1. Formelement

    Ei form er alltid utgangspunktet for eit mønster. Du kan lage eit stempel til å trykkje eit formelement med, eller du kan skjere ut ei form i papp eller kontaktpapir og lage ein sjablong.

Bokstavtrykk, sjablong og rulle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prøv ut ulike variantar, og vel eitt formelement som du vil jobbe vidare med.

  1. Bord

    Gjenta formelementet i lengderetning. Ein bord kan vere horisontal eller vertikal.

Gjentaking av silhuett og linjer. Trykk og penneteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Flatemønster

    Gjenta formelementet i både i breidde- og lengderetning, og lag eit flatemønster. Vis ein rapport ved å markere ein firkant rundt rapporten.

Flatemønster laga av sirklar og trapes. Trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Monotypi

Monotypi er ein grafisk teknikk som gir eitt enkelt trykk. Uttrykket er resultat av farge, sjablongar, materiale som ligg på ei plate og som blir trykt på papir.

Fargeflater i svart og kvitt med trykk av sirklar og ei grein.  Monotypi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksperiment med ulike sjablongar. Prøv til dømes å trykkje med bobleplast, strå eller krølla papir.

Del 3. Kombiner monotypi, mønsterbygging og strekteikning

Stilisert frukt og planteelement. Trykk kombinert med penneteikning og kollasj.

Du kan kombinere monotypi med andre teknikkar. Prøv å trykkje på eit papir som allereie har eit mønster, eller å lage mønster på eit trykk. Vel kva du vil bruke frå mønsterbygginga i del 1. Det kan vere eit flatemønster, ein bord eller berre eit formelement.

Jobb vidare med resultatet. Legg på linjer ved hjelp av teikning, måling eller andre teknikkar.

Vel eit utsnitt og monter biletet på svart kartong.

Del 4. Bruk arbeidet ditt som dekor på eit valfritt produkt

Vel eit produkt. Det kan vere ein del av eit interiør, ei T-skjorte, eit handlenett eller noko anna du vil dekorere. Lag eit designforslag der du bruker element frå arbeidet ditt i del 3.

Monotypi i grå- og blåtonar brukt som dekor på eit handlenett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innlevering

  • dokumentasjon av prosess
  • eit biletarbeid montert på svart kartong
  • designforslag

Presentasjon

Presenter arbeidsprosessen din og produktet ditt for klassen.

Sjå døme på presentasjonar laga i Spark:

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Ornament og mønster