Hopp til innhald

Fagstoff

Frå foto til mønster og strikk

Har du eit fotografi eller ei teikning av noko du ønskjer å gjere om til eit strikkemønster? Plasser motivet på eit lysbord, legg over eit ruteark og teikn så av diagrammet i ruteform. Du kan òg bruke kopieringsmaskin eller overføre motivet digitalt i eit teikneprogram.
Strikka haustblad saman med foto av bladet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Strikkediagram

Eit diagram er ei teikna framstilling av mønsteret du skal strikke. Det er som regel eit rutemønster, der ei maske svarer til ei rute.

Stiliserte kamelar i ein bord. Strikkemønster.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit strikkediagram kan vise eit mønster i fleire fargar. Det kan òg beskrive korleis du kan lage strukturar i strikketøyet ved hjelp av rette og vrange masker, vridde masker, fletter eller holmønster.

Gjer eit objekt om til eit strikkemønster

– for hand ved hjelp av lysbord og ruteark

Mønster av eit blad teikna på lysbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dette dømet har vi brukt eit lysbord, men du kan òg bruke eit vindauge. Legg eit ruteark over motivet og teikn mønster med ein markeringstusj. Pass på å bruke heile ruter.

– ved bruk av kopieringsmaskin

Du kan òg leggje ruteark i ei kopimaskin og kopiere over formelementet frå fotografiet på denne måten.

– digitalt ved hjelp av eit teikneprogram

Eit stilisert lønneblad er laga som eit rutemønster i grønt og oransje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forma kan forenklast og gjerast om til rutemønster ved hjelp av eit digitalt teikneprogram. For å kunne strikke mønsteret er det lurt å jobbe vidare med fargane og avgrense talet på fargar i kvar strikkeomgang.

Finn garn som passar til uttrykket

Set gjerne saman fleire tynne trådar i ulike fargar for å få det fargebiletet du ønskjer.

Garn i same fargar som eit haustblad ligg ved sida av eit strikkemønster av eit blad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Følg strikkediagrammet og set i gang med strikkinga

Les diagrammet i strikkeretninga, altså frå høgre mot venstre, nedanfrå og opp. Dette blir motsett av vanleg leseretning. Start nedst i det høgre hjørnet. Kvar rute svarer til ei maske. Tel mot venstre kor mange masker du skal strikke i kvar farge. Ei rad i diagrammet blir ein omgang.

Følg diagrammet. Om du strikkar fram og tilbake, strikkar du rett på framsida og vrangt på baksida. Tvinn trådane i overgangen mellom fargeflatene.

Strikka haustblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2020

Læringsressursar

Ornament og mønster