Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Munnleg kommunikasjon på jobb

Les fagartiklane om munnleg kommunikasjon og prøv ut det du har lært saman med medelevar.
Servitør smilar til gjestar i restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Les om munnleg kommunikasjon

Les fagartiklane om kommunikasjon på jobb med interne (kollegaer og interne samarbeidspartnarar) og eksterne (brukarar, kundar, pårørande, osb).

Munnleg kommunikasjon – internt

Munnleg kommunikasjon – eksternt

Oppgåve 2: Samarbeid om kunnskapen

Jobb i grupper. Ha eit stort ark eller ein plakat på gruppeborda. Gruppene vel eitt av desse stikkorda som overskrift:

  • Truverd
  • Engasjement
  • Profesjonell
  • Tilpasse
  • Møte
  1. Bruk fem minutt i gruppene på å skrive ned det de kan om stikkordet dykkar øvst på arket.
  2. Etterpå byter gruppene plass og skriv i fem minutt på neste ark. Viss alle faktaopplysningane om stikkordet har blitt noterte ned, kan de notere ned eigne tankar om stikkordet. Kom gjerne med døme som illustrerer faktaopplysningane.
  3. Hald fram til alle gruppene har vore innom og skrive noko om alle stikkorda.

Oppgåve 3: Prøv ut det de har lært

  1. I gruppene: Lag eit kort rollespel med utgangspunkt i stikkorda de har laga. De treng ikkje framføre for klassen; det viktigaste er at de får prøve ut den teoretiske kunnskapen de har jobba med.
  2. Tenk ut og spel ein kvardagsleg situasjon frå jobb der de kommuniserer med anten ein kollega eller ein ekstern brukar / kunde. Bruk kunnskapen de no har om munnleg kommunikasjon for å få til ein best mogleg kommunikasjon.
  3. Byt på rollene ein gong, slik at alle får prøve ut ulike evner.

Oppgåve 4: Reflekter åleine

Ved å ta deg tid til å reflektere over kva du har lært, vil du òg hugse det betre for framtida.

Skriv eit refleksjonsnotat om kommunikasjon i yrket ditt, der du svarer på spørsmålet:

  • Kva har du lært om munnleg kommunikasjon i arbeidslivet i dag?

Skriv ned alt du no kan om dette, utan å tenkje på oppsett eller at nokon andre skal lese det.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2019

Læringsressursar

Intern kommunikasjon