Oppgåve
Makt i ein kommunikasjonssituasjon
Makt kan påverke kva vi tenkjer og korleis vi oppfører oss. Vi skal bruke eit døme frå motebransjen til å diskutere korleis maktforholdet pregar kommunikasjonen.
I kommunikasjon med andre vil den makta du har, eller ikkje har, påverke samhandlinga. Kva kontroll de har over situasjonen, kan henge saman med maktforholdet mellom dykk.
Redaktøren i motebladet Costume, Vanessa Rudjord, og motejournalisten Sissel Hoffeng, diskuterer maktforhold saman med Anne Lindmo. Utgangspunktet for samtalen er ein film om sjefsredaktøren for Vouge: Anna Wintour.
- Korleis visest maktforholdet gjennom klesdrakt og kroppsspråk?
- I filmklippet snakkar Anna Wintour "ovanifrå og ned" til medarbeidarane sine. Gi døme på dette.
- Har du nokon gong opplevd å føle deg underlegen i ein jobbsituasjon på grunn av måten du har blitt snakka til?
Korleis kan du varsle om dette når det skjer ? - Kan du tenkje på ein situasjon der du kan ha fått nokon andre til å føle seg underlegne, på grunn av måten du snakka til dei på?
Diskuter spørsmåla i mindre grupper.