Hopp til innhald
Fagartikkel

Å byggje relasjonar når du er ny i ein jobb

Kva gjer du når du møter nye kollegaer? Korleis bidreg du til at kollegaene dine får tillit til deg? Få innsikt i kva du sjølv kan gjere for at relasjonane mellom deg og kollegaene dine skal bli gode.

Før du les, tenk etter:

  • Kva er dei beste eigenskapane dine når du er ny i ein jobb?
  • Kva set du pris på hos dei nye kollegaene dine?
  • Kva gjer kollegaer som får deg til å slappe av?

Nye kollegaer

Når du skal jobbe med nye kollegaer, er det viktig at du blir god på relasjonsbygging. For å forstå kva det inneber, må du ha relasjonskompetanse.

Relasjonskompetanse

Relasjonskompetansen din er evna di til å forstå deg sjølv når du er saman med andre. Korleis påverkar handlingane dine relasjonane rundt deg? Viser du til dømes interesse for kollegaer når du møter dei?

Skal du lykkast i å utvikle positive relasjonar til kollegaene dine, må du ha eit ønske om og ei evne til å vise ekte interesse for kva dei tenkjer, føler og ønskjer. Det krev at du først forstår kven du sjølv er, og at du så klarer å sjå dei andre og kva dei treng.

Når du jobbar saman med andre, vil du kjenne på eigne kjensler – både gode og dårlege. Då er det viktig at du øver deg opp til å forstå kvifor du føler som du gjer i møte med ein spesiell kollega som til dømes er avvisande, som er direkte, som spør om alle detaljar, som er utolmodig, eller som meiner at du kunne gjort ting meir effektivt. Skal du kunne bli ein god kollega, må du ikkje la dei reaksjonane som negative kjensler lett fører til, stå i vegen for eit godt samarbeid.

Tenk etter:

Kva handlingar frå kollegaene dine triggar negative kjensler hos deg? Kva er det du lett gjer då?

Relasjonsferdigheiter

Relasjonsferdigheitene dine er det du konkret gjer, seier og tenkjer til dømes for at kollegaer skal oppleve at det er fint å jobbe saman med deg.

For somme er den første dagen i ein ny jobb inga stor sak. Det kan verke som om dei har medfødde relasjonsferdigheiter, og dei finn plassen sin og inngår i samarbeid med kollegaene på ein naturleg måte. For andre er dette meir krevjande, og dei må trene for å bli gode på det. Dersom du synest det er vanskeleg, kan det kanskje hjelpe at du på førehand bestemmer deg for å handhelse, seie hei og presentere deg. Eigna tema å ta opp når du har vore der ei stund, kan til dømes vere kva som skjedde på jobb etter at du gjekk dagen før, og kva som er planane i bedrifta i dagane som kjem.

Kva type kollega er du?

Vi menneske er ulike, og det er vi òg som kollegaer. Her er nokre døme på personlegdomstypar som kan auke forståinga di både av deg sjølv og av forskjellane mellom kollegaer:

  • Om du er fagleg seriøs, kan du lykkast som nytilsett fordi du er kunnskapsrik. Men vit samtidig at ikkje alle ønskjer å bruke tid på å få vite alt du kan.
  • Om du er omsorgsfull, kan du lykkast som nytilsett fordi du viser forståing. Men vit samtidig at ikkje alle kollegaene dine nødvendigvis er komfortable med at du er personleg og nær.
  • Om du er rask og effektiv, kan du lykkast på jobben fordi du stråler ut energi og får ting fort unna. Men vit samtidig at du kan ha kollegaer som treng god tid og mykje kunnskap for å kunne utføre ei oppgåve.
  • Om du er perfeksjonist, vil du kunne lykkast på jobben fordi du sikrar høg kvalitet på det de leverer. Men vit samtidig at du truleg òg har kollegaer som ikkje ønskjer å gå så djupt inn i alle tema.

Ofte er det først i ettertid at du maktar å sjå ein situasjon klart. Var eg for pågåande, eller var eg for lite pågåande? Småprata eg nok til å skape god stemning, eller blei det for mykje? Klarte eg å skape ein fortruleg situasjon, eller blei eg for påtrengjande? Ved å stille slike spørsmål til deg sjølv vil du etter kvart forstå både deg sjølv og andre betre. Då vil du kunne sjå kva kvar enkelt av kollegaene dine sannsynlegvis vil ønskje av deg.

Ordforklaringar

avvisande – tilbakehalden; uvennleg; det motsette av imøtekomande

kompetanse – evne, dugleik til noko

relasjonar – forhold, samband mellom ein sjølv og andre

relasjonsbygging – det ein gjer og seier for å utvikle og halde ved like relasjonar

relasjonskompetanse
– evne til å forstå seg sjølv når ein er saman med andre

relasjonsferdigheiter – det å vite kva ein skal gjere og seie for å knyte gode band til andre

tillit – det å kunne stole på at ein annan vil ein godt

trigge – utløyse, setje i gang