Dialog i kreative prosessar
Gruppa må avklare rammene og bli samd om kva som er målet med prosjektet. Korleis vil de jobbe saman for å få dette til?
Start med å formulere ei tydeleg problemstilling. Stopp opp og vurder prosessen og resultata de oppnår undervegs. Hugs at kunnskap, evner og erfaring gjer at vi lettare ser nye moglegheiter. Saman blir vi meir kreative.
Teikn og forklar. Bilete er eit godt verktøy til å få fram kva du tenkjer. Når vi er opne og nysgjerrige, er det lettare å få til aktiv og inkluderande dialog. Evne til å lytte, stille spørsmål og motivere kvarandre er viktige eigenskapar. Det er avgjerande for samarbeidet at vi kommuniserer med kvarandre på ein god måte, og at alle gruppemedlemmene er trygge på kvarandre.
Ferdigheter som er viktige i dialog:
- Pass på at heile gruppa blir involvert.
- Lytt aktivt.
- Vêr nysgjerrig og still opne spørsmål.
- Vis at du set pris på bidraga dei andre kjem med.
- Bygg på andre sine tankar og idear.
- Avklar kva du meiner, og argumenter konstruktivt.
Olsen G.D. (2005). Kreativitet og kreative prosesser sett i et kommunikasjons og dialogperspektiv. Henta 23. september 2019 frå https://www.duo.uio.no/handle/10852/30711
Spurkeland, J. (2017). Relasjonsledelse. Oslo: Jan Spurkeland og Tano Aschehoug
Relatert innhald
Er somme meir kreative enn andre? Alle er kreative, og det at du sjølv trur på eiga meistring, er heilt avgjerande for kreativiteten din.