Oppgåve
Kva er ein god kollega?
Korleis oppfører ein god kollega seg? Tenk etter korleis du trur kollegaer oppfattar deg.
- Kva er det dei beste på avdelinga di eller i verksemda di gjer for å få til eit godt kollegialt samspel?
- Korleis møter dei kvarandre, og kva seier dei?
- Beskriv for ein medelev korleis personane du samarbeider med, er annleis enn deg når de er saman. Kva kan det vere lurt å gjere i møte med dei som skil seg mest frå deg?
- Kva er det viktig å forstå for å vere kompetent på relasjonar til kollegaer?
- Kva gjer dei kollegaene som du synest det er lettast å samarbeide med?
- Korleis verkar dei kollegaene som du synest det er meir krevjande å jobbe med?
- Kva er kroppsspråk?
- Kvifor er det viktig å vere klar over eige kroppsspråk for å bli ein god medarbeidar?
- Om du skulle velje ein ting du vil jobbe for å forbetre hos deg sjølv, kva skulle det vere? Grunngi kvifor du opplever dette som spesielt viktig for at du skal lykkast som medarbeidar.