Hopp til innhald
Oppgåve

Finn ut meir om svitsjar

I denne oppgåva kan du utforske svitsjar, sjå på spesifikasjonar og vurdere bruksområde for ulike typar svitsjar.

Vi tilrår at du les artikkelen Svitsj (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

  1. Kva er oppgåva til svitsjen, og korleis gjer han denne oppgåva?

  2. Kva er den billegaste og dyraste svitsjen du kan finne hos ein norsk nettbutikk?

  3. Beskriv dei fire største forskjellane mellom dei to svitsjane du fann. Fortel gjerne om spesifikasjonane som viser forskjellane.

  4. Kvar tenkjer du det er naturleg at dei to svitsjane blir brukte?

  5. Gå til ein nettbutikk og finn døme på to ubetente (unmanaged) og to betente (managed) svitsjar.

  6. Er ubetente svitsjar alltid billegare enn betente svitsjar?

  7. Svitsjportar kan støtte ulike hastigheiter. Kva porthastigheiter er dei mest vanlege i dag?

Ekstraoppgåver

  1. Svitsjar har ei viss vidaresendingsyting (throughput limit). Kva betyr dette?

  2. Funksjonaliteten "auto MDI/MDI-X" har dei fleste svitsjar. Kva gjer denne funksjonaliteten?

  3. Dei fleste svitsjar brukar ein metode kalla "store and forward", men nokre svitsjar bruker "cut-though switching". Finn ut og beskriv korleis metodane fungerer, og kva som er hovudfordelane for kvar av dei to.
CC BY-SA 4.0Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021