Hopp til innhald

Fagstoff

Ruter

Ruterar blir brukte til å kople saman nettverk. Enkle ruterar, som dei vi har i private heimar, kan berre kople saman det lokale nettverket og nettverket til internettleverandøren. Meir komplekse ruterar kan kople saman fleire nettverk og rute store mengder data mellom nettverka.
Rackmonter-ruter, ein grøn nettverkskabel kopla til LAN1-port, ein raud nettverkskabel kopla til WAN1-port. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Seks ujamne sirklar ligg i nærleiken av kvarandre, ruterar koplar dei saman. Illustrasjon.

Ruter er ein sentral nettverkskomponent i dei fleste nettverk. Oppgåva til ruteren er å rute datapakkar mellom ulike nettverk. Eit typisk døme kan vere mellom eit heimenettverk og nettverket til nettleverandøren (ISP).

Korleis ruterar fungerer

Modell med fem lag, frå nedst til øvst: Lag 1 – Det fysiske laget. Lag 2 – Datalinklaget. Lag 3 – Nettverkslaget. Lag 4 – Transportlaget. Lag 5 – Applikasjonslaget. Nettverkslaget er merkt grønt. Illustrasjon.

Datapakkar som blir sende over nettverk er merkte med IP-adressa til avsendarmaskina og mottakarmaskina. Ruteren bruker denne informasjonen og si eiga subnettmaske for å vurdere i kva retning datapakken skal sendast. Vi seier derfor at ruterar arbeider på lag 3 (layer 3) i TCP/IP-modellen.

Ruterar har som oftast minst to fysiske nettverkssportar. Ein er tiltenkt innsida av det lokale nettverket. Denne er ofte merkt med LAN. Den andre nettverksporten peiker ut mot det eksterne nettverket (til dømes nettverket til nettleverandøren) og er som oftast merkt med WAN eller internet. Ruterar, og spesielt større ruterar som blir brukte i bedrifter eller mellom større nettverk, har gjerne mange fleire fysiske portar.

LAN (Local Area Network) blir ofte assosiert med fargen grøn, sidan lokalnettverket er rekna som sikkert. WAN (Wide Area Network) blir ofte assosiert med fargen raud fordi dette er utanfor det lokale nettverket, altså utanfor det vi kan kontrollere og dermed usikkert.

Trådlausruterar (samansett eining)

Svart, låg plastikkboks med runde kantar. Tre antenner står opp frå baksida. Tre kablar går inn på baksida. På framsida er det nokre statuslys. Foto.

I små bedrifter og private heimar er trådlausruterar veldig vanlege. Dette er samansette nettverkseiningar som inkluderer ruter, svitsj, modem (ofte) og trådlaust aksesspunkt (AP) i den same fysiske eininga. Sidan alle desse funksjonane er samla i ei fysisk eining, er det mindre kabling og enklare å setje opp, men dei har færre konfigurasjonsmoglegheiter. I større bedrifter er det derfor vanleg at funksjonane har kvar si fysiske eining.

I animasjonen under kan du sjå eit enkelt nettverk som bruker ein trådlausruter.

Funksjonalitet knytt til ruterar

Den primære oppgåva til ruteren er å rute datapakkar mellom nettverk. Ruterar har ofte annan funksjonalitet og andre tenester bygd inn.

NAT (Network Address Translation)

Fordi det er få ledige rutbare IPv4-adresser, er det vanleg at heimenettverk og små bedriftsnettverk bruker ikkje-rutbare IP-adresser internt i lokalnettverka. Ruteren har ei enkelt rutbar IP-adresse på WAN-sida som han deler mellom alle brukarane i lokalnettverket ved hjelp av NAT-funksjonalitet.

Les meir i artikkelen NAT (ndla.no).

DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol)

DHCP blir brukt i IPv4-baserte nettverk for å dele ut IP-adresser dynamisk. I heimenettverk og veldig enkle bedriftsnettverk er det vanleg at DHCP-tenesta blir køyrd frå ruteren. I større bedrifter blir ofte DHCP køyrd som ei Windows Server-teneste.

Les meir i artikkelen DHCP (ndla.no).

Brannmur (Firewall)

Brannmur stoppar datapakkar frå å passere basert på reglar som er laga på førehand. Brannmur er ein viktig del av sikkerheita i alle nettverk. Større bedrifter har ofte eigne brannmureiningar, mens heimenettverk og små bedrifter ofte har dette bygd inn i ruteren.

Les meir i artikkelen Brannmur (ndla.no).

DNS-relay/forwarding

For å kople IP-adresser med domenenamn (som til dømes ndla.no) blir DNS brukt (Domain Name System). I lokale nettverk er det vanleg å bruke IP-adressa til ruteren for oppslag. Ruteren køyrer ikkje ein fullverdig DNS-server, men han veit IP-adressa til nettleverandøren (ISP) sin DNS-server. Dermed kan ruteren vidaresende DNS-førespurnader han får, til DNS-serveren til nettleverandøren.

Les meir i artikkelen DNS-oppslag (ndla.no).

VLAN-støtte (støtte for virtuelle lokale nettverk)

Enkle ruterar har ofte berre ein fysisk LAN-port, men mange gonger er det kanskje eit behov for å dele det lokale nettverket i fleire mindre skilde nettverk. VLAN lèt oss setje opp fleire virtuelle lokale nettverk på eit sett med fysisk utstyr og kabling. For at alle dei virtuelle nettverka skal ha internettilgang, er ruterstøtte for dette viktig.

Les meir i artikkelen Virtuelt lokalnettverk (VLAN) (ndla.no).

Relatert innhald

Ruterfuksjonen NAT gjer om lokale ikkje-rutbare IP-adresser til ruteren si rutbare IP-adresse. Dette lèt mange lokale einingar dele ei rutbar IP-adresse.

IP-adresser blir brukte for å adressere datapakkar som skal sendast i lokale nettverk og over internett. Vi kan anten bruke IPv4 eller IPv6.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2021

Læringsressursar

Komponentane i datanettverk