Hopp til innhald

Fagstoff

Modem og medieomformarar

Modem og medieomformarar er nettverkseiningar som formar om datasignal frå eit overføringsmedium til eit anna. Eit typisk døme på dette er overføringa mellom koparbasert nettverkskabel og fiberbasert nettverkskabel.
To små metallboksar kopla saman med fiberkabel. Boksane har òg kvar sin nettverkskabel kopla til som går i kvar si retning ut av biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modem versus medieomformar

Omgrepa medieomformar og modem blir ofte brukte om kvarandre, men det er ein forskjell på desse.

Namn

Mediebyte

Protokollbyte

Modem

X

X

Medieomformar

X

Modem

Omgrepet modem er sett saman av mo- i "modulere" og dem- i "demodulere". Modem vart originalt brukt for å sende digitale data over analoge telefonlinjer. Telefonlinjene var tilpassa overføring av lydfrekvensane som vi menneske bruker når vi snakkar. Det digitale signalet måtte derfor modulerast om til høyrbar lyd og demodulerast på den andre sida.

I tillegg til sjølve mediebytet bruker modem eigne protokollar som er annleis enn dei som blir brukte i dei lokale nettverka. I dag blir modemomgrepet brukt mellom anna om breibandsmodem, fibermodem og 4G/5G-modem.

Modemoppringing

0:00
-0:00

Medieomformar (media converter)

Til venstre er ein metallboks med tilkopling for fiber og kopar-nettverkskabel. Til høgre er to mindre, avlange metallboksar, på den eine enden har dei tilkopling for fiber, på den andre er det kretskortkoplar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medieomformarar er enklare enn modem fordi dei berre byter mediet som datasignalet sender via. Til dømes byter dei mellom elektriske pulsar i ein nettverkskabel og lyspulsar i ein fiberkabel. Ingen byte av andre nettverksprotokollar er naudsynt.

Medieomformarar kan vere sjølvstendige eksterne einingar eller modulære for installasjon i nettverksutstyr som svitsjar eller ruterar. Slike medieomformarar kallar vi ofte transceiver-modular.

48-portar-svitsj med SFP- og SFP+-portar heilt til høgre. Ein av SFP-portane har ein medieomformar for fiber. Ein fiberkabel er kopla til. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Større svitsjar som er laga for bruk i bedriftsnettverk, har ofte SFP- og SFP+- portar. Desse portane gjer det mogleg å byggje ut svitsjen med ønskjelege medieomformarar. Den modulære løysinga er kostnadseffektiv og gjer det lettare å tilpasse svitsjen etter behovet og dei fiberstandardane som er ønskjelege.

Kvifor vi bruker ulike medium i same nettverk

Koparbaserte nettverkskablar er mykje brukt i lokale nettverk i bedrifter og private heimar. Kablane er billege og enkle å installere, men eit enkelt kabelstrekk kan ikkje vere lengre enn hundre meter, og kabelprisen går raskt opp viss du ønskjer hastigheiter over 1 Gbit.

Panel med mange medieomformarar for fiber og koparbasert nettverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For strekk over hundre meter, til dømes mellom etasjar i ein bygning eller mellom bygningar, er koparbaserte nettverkskablar upraktiske. Fiberkablar kan vere mykje lengre og tilbyr raskare fart. Derfor er dei ofte eit betre alternativ, sjølv om dei som oftast er dyrare og meir krevjande å få installert.

I bedriftsnettverk er det derfor veldig vanleg med ei blanding av fiber og koparbaserte nettverkskablar.


Relatert innhald

Digitalisering er når når vi gjer om eit signal frå analog til digital form. Dette gjer handteringa av informasjonen lettare, men vi mistar kvalitet.

Analog og digital er forskjellige måtar vi handsamar og overfører informasjon på. Som mediaskapar er det viktig å kjenne til skilnaden på desse.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Komponentane i datanettverk