Hopp til innhald

Fagstoff

Wifi og aksesspunkt

I trådlause nettverk, wifinettverk, er aksesspunkt ein viktig komponent. Aksesspunkt opprettar den trådlause sona, tek seg av nettverksnamn (SSID), kryptering og kommunikasjon mellom trådlaust og kabla nettverk.
Kvit tallerkenforma eining som heng på ein vegg. Ei nettverksleidning går ned frå eininga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Wifi og trådlaust nettverk

Når vi innan IT-feltet bruker omgrepet trådlaust nettverk, meiner vi som oftast eit wifinettverk (Wi-fi Network).

Enkel logo med teksten "Wi Fi". Illustrasjon.

Wifi er eit sett med standardar som er utvikla av ein allianse av utstyrsleverandørar, Wi-fi Alliance. Du kan lese meir om dei på nettsida deira, wi-fi.org.

I wifinettverk har vi to hovudtypar av einingar: aksesspunkt og klienteiningar.

Aksesspunktet lagar den trådlause sona, tek seg av nettverksnamn (SSID), styrer kommunikasjonen som skjer i den trådlause sona, krypterer radiokommunikasjonen og fungerer som bindeledd mellom trådlaust og kabla nettverket.

Klienteiningar er alle einingar som koplar seg til det trådlause nettverket, til dømes ein mobiltelefon eller ei berbar datamaskin.

Eit aksesspunkt kan levere fleire trådlause nettverk

Boks merkt med aksesspunkt har to boksar merkte radiosendar 2,4 GHz og radiosendar 5 GHz. Desse heng saman med fleire boksar merkte med SSID og eit namn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste aksesspunkt støttar både 2,4 GHz- og 5 GHz-frekvensområda. For å gjere dette treng dei radiosendar og mottakar for kvart av desse frekvensområda.

Kvar sendar og mottakar kan i tillegg drifte meir enn eitt trådlaust nettverk (SSID) samtidig.

I modellen kan du sjå eit døme på dette, der eitt enkelt aksesspunkt bruker både 2,4 GHz- og 5 GHz-frekvensområda, og korleis kvar sendar og mottakar held styr på fleire trådlause nettverk samtidig.

Liste over trådlause nettverk funne av ei datamaskin. Skjermbilete.

I dømet har vi eit nettverk for IOT-sensorar som berre er på 2,4 GHz-frekvensområdet, mens nettverka Heimenett og Gjestenett er på begge frekvensområda.

Når nettverksnamn (SSID: Service Set IDentifier) er brukt både på 2,4 og 5 GHz, vil klienteiningar ofte slå dei saman i søkevisning, som på biletet.

Dei fleste klienteiningar koplar seg til berre eitt av frekvensområda, men somme har støtte for å bruke begge samtidig. På denne måten blir tilgjengeleg bandbreidde akkumulert.

Når fleire aksesspunkt bruker dei same SSID-ane

Ta deg ein runde rundt på skulen med mobiltelefon eller berbar datamaskin.

Kva trådlause nettverk får du opp ved søk? Blir dei same nettverksnamna (SSID) brukte overalt, eller er det forskjellar?

I større nettverk med fleire aksesspunkt er det vanleg at nettverksnamn (SSID) og krypteringsnøkkel blir brukte på nytt av alle aksesspunkt. Dette gjer at klienteiningane kan flytte seg mellom aksesspunkt, til dømes når vi flyttar oss frå eit klasserom til eit anna.

Som brukar opplever vi det som at vi er kopla til eitt enkelt trådlaust nettverk gjennom heile besøket vårt, mens i realiteten har klienteininga vår flytta seg mellom fleire aksesspunkt som er rundt omkring i bygninga.

Nettverkskontrollerar

Rackskap med ruter, nettverkskontroller og svitsj plasserte nedover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I bedriftsnettverk er det vanleg å bruke aksesspunkt som har ein felles nettverkskontroller. Kontrolleren tek seg av konfigurering og koordinering mellom aksesspunkt og gir oss eit felles punkt for administrasjon og oppdateringar.

Aksesspunkt som er laga for bruk med nettverkskontroller, vil ofte ha veldig avgrensa funksjonalitet eller ikkje fungere utan nettverkskontroller.

Aksesspunkt som er laga for å fungere sjølvstendige (stand alone) er vanleg i heimenettverk.

Dersom du set opp eit nettverk med fleire aksesspunkt, men ikkje har ein nettverkskontroller, må du manuelt sikre at alle aksesspunkta er rett stilte inn. Dersom du skal bruke same SSID, må du kvalitetssjekke at nøyaktig same SSID og krypteringsnøkkel er brukte på alle aksesspunkt.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Komponentane i datanettverk