Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Medieomformarar i lokalnettverk

I denne oppgåva skal du vurdere bruken av medieomformarar internt i ulike lokalnettverk.
Til venstre er ein metallboks med tilkopling for fiber og kopar-nettverkskabel. Til høgre er to mindre avlange metallboksar, på den eine enden har dei tilkopling for fiber, på den andre enden er det krinskortkoplar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les artikkelen Modem og medieomformarar (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

Modulære medieomformarar som blir monterte inn i svitsjar og anna nettverksutstyr, har som oftast namn etter modul-standarden dei bruker, til dømes SFP+-transceiver.

Modulære medieomformarar (transceiver) frå ein leverandør er ikkje alltid kompatible med nettverksutstyr frå andre leverandørar, sjølv om begge bruker den same modulstandarden, som SFP, SFP+ eller QSFP+. Bruk av same leverandør eller sjekk av kompatibilitet er derfor tilrådd.

  1. Kva gjer medieomformarar?

  2. Gi nokre døme på situasjonar der medieomformarar kan brukast.

  3. Finn ein svitsj i ein nettbutikk som har SFP+-portar.

  4. Du skal kople saman to svitsjar som er 290 meter frå kvarandre i ein bygning. Svitsjane har ledige SFP+-portar. Finn døme på SFP+-modular (SFP+-transceiver) som kan passe til bruken.
  5. Kor rask overføringsfart er mogleg med SFP+-modul-standarden?
  6. SFP og SFP+ bruker modular av den same storleiken og med dei same kontaktane. Er standardane kompatible med kvarandre?
  7. SFP+ er i dag ein mykje brukt modul-standard, men i nokre situasjonar trengst det ein endå høgare fart. Kva andre alternativ kan du finne?

Ekstraoppgåver

  1. I oppgåve 3 fann du SFP+-transceiverar for bruk i eit samband mellom to svitsjar. Gjer søk på nettet og finn ein fiberkabel som vil fungere med medieomformarane dine.

  2. Kva er Direct Attach Copper (DAC), og kvar blir det brukt?

  3. Vil du seie at ein DAC er ein medieomformar?

  4. Ofte blir transceiverar og fiberkabel brukte for å kople saman hovudsvitsjane i nettverk uavhengig av om ein vanleg nettverkskabel kunne ha nådd avstandane mellom svitsjane. Nemn nokre årsaker til dette.
  5. Kvifor er det uvanleg at aksesspunkt er kopla direkte til fiber?
  6. Finn ein svitsj som har mange SFP+-, QSFP- eller QSFP+-portar. Kor kostbare er slike svitsjar, og kor mykje data kan dei svitsje?
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2021

Læringsressursar

Komponentane i datanettverk