Hopp til innhald

Fagstoff

Basiskonfigurasjon og brukaroppretting i TrueNAS

Etter installasjon av TrueNAS tilrår vi at du gjer nokre enkle systemjusteringar og lagar brukarkonto i systemet.
Påloggingsvindauge i nettlesar med felt for brukarnamn og passord, under er ein knapp med teksten "Log in". Skjermbilete.

Logge inn til TrueNAS-webgrensesnitt

Legg inn IP-adressa som står nedst på skjermen til TrueNAS-serveren din i nettlesaren til ei anna maskin. Maskina må vere kopla til det same nettverket og ha IP-adresse i det same adressesegmentet.

For innlogging bruker du brukarnamnet root og passordet du sette under installasjonen. Når du loggar inn, kjem du til startsida (dashboard).

Webside med sidemeny til venstre og fire boksar med systeminformasjon til høgre. Skjermbilete.

Sette statisk IP-adresse

Det er tilrådd å setje statiske IP-adresser på alle serverar. Då er dei lette å finne, og sjansen for brotne lenkjer er lågare.

Alternativt kan du leggje inn ei føretrekt IP-adresse for serveren i DHCP-tenesta. Dette gjer at serveren alltid får den same IP-adressa frå DHCP.

Det er òg mogleg å bruke maskinnamn (hostname) i nettverket for å nå NAS-serveren, men dette fungerer best når nettverket har ein domenekontroller.

I hovudmenyen til venstre går du til "Network". I undermenyen som blir opna, vel du "Interfaces".

Ei liste over nettverkskort vil opne seg. Dersom fleire nettverkskort blir viste, sjå etter det som er merkt med IP-adressa du brukte for å logge på webgrensesnittet.

Vel riktig eining, og bruk utvidknappen heilt til høgre på linja for å få opp meir informasjon. Vel "EDIT" på botnen av den utvida skildringa.

Nettside med utvida sidemeny til venstre og detaljar om nettverkskort til høgre. Skjermbilete.
Utklipp som viser innstillingar for nettverkskort. DHCP er deaktivert, og ei IP-adresse er lagt inn under "IP Addresses". Skjermbilete.

Du vil no kome til "Interface Settings" der du kan justere nettverkskortet.

Fjern avkryssing for "DHCP", og skriv inn den ønskte IP-adressa under "IP Addresses".

Til høgre for IP-adressa kan du setje subnettmaske med CIDR-notasjon. /24 svarer til 255.255.255.0, som er veldig vanleg for heimenettverk og testoppsett.

Trykk "APPLY" for å setje i gang lagring av nytt oppsett.

TrueNAS har eit testsystem for å sikre brukaren mot å skrive inn feil IP-adresse og miste tilgang til serverar. Derfor må du gjere ein test før endringa blir fullført. Som standard har du 60 sekund til å fullføre testen, vurder å utvide denne tida til 90 eller 120 sekund.

Når du er klar, trykk "TEST CHANGES". Eit sprettoppvindauge vil opnast, og her må du stadfeste at du ønskjer å gjere testen.

Skriv inn den nye IP-adressa i adressefeltet til nettlesaren, og trykk på enter-tasten. Ei påloggingsside vil opne seg. Skriv inn root som brukarnamn og passordet du sette tidlegare.

På sida som kjem fram etter pålogging, vil du få spørsmål om å stadfeste endringa av innstillingar. Trykk på "SAVE CHANGES" innan fristen.

Webgrensesnitt til TrueNAS. Skjermbilete.

Lag brukar i TrueNAS

Root-brukaren er nyttig fordi han har utvida systemrettar, men det er ikkje ønskjeleg å bruke denne for normal bruk.

I mange system er root-brukaren avgrensa så han ikkje kan brukast som ein vanleg brukarkonto.

I hovudmenyen til venstre vel du "Accounts", og i undermenyen som kjem fram, vel du "Users".

Du får no ei liste med oppretta brukarar. Trykk på knappen "ADD" til høgre.

Webgrensesnitt av TrueNAS, "Accounts" i venstre meny er valt, og undermenyen "Users" er vald. Skjermbilete.

Eit skjema for oppretting av brukarkonto vil opne seg. Skriv inn namnet på brukaren og det ønskte brukarnamnet og passordet for brukaren.

For laboppsett tilrår vi at du lagar ein fiktiv brukar med eit enkelt passord som du ikkje bruker andre stader og dermed kan notere ned i dokumentasjon.

Skjema for å opprette brukarkonto i TrueNAS. Skjermbilete.

Som standard blir det laga både ein brukar og ei gruppe til brukaren (som òg har det same namnet som brukarkontoen).

Ei justering som du bør gjere, er å krysse av for "Microsoft Account" nede til høgre i skjemaet.

Trykk "SUBMIT" for å opprette brukaren. Du vil så bli send tilbake til brukaroversikta og kan sjå at brukaren din no er i lista over brukarar.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2021

Læringsressursar

Oppsett av TrueNAS 12