Setje opp pool og VDev i TrueNAS
Gå til "Storage" i hovudmenyen til venstre, og vel "Pools" i undermenyen som blir opna. "Pool Manager" vil no opnast.
I feltet "Name", som er ganske nært toppen, skriv du inn namnet på poolet ditt.
Oversikta under er delt i to. Til venstre er ei liste over tilgjengelege einingar ("Available Disks"). Til høgre har du oppretta VDevs.
Kryss av for diskane du ønskjer skal vere med i VDev-et ditt. Alle diskane må ha den same storleiken og bør vere like raske. Bruk den vesle høgrepila mellom kolonnane for å flytte diskane over i "Data VDev".
I kolonnen til høgre, under dei valde diskane, står det kva RAID-Z-variant som systemet foreslår til dette VDev-et.
Bruk den vesle pila ved sida av forslaget for å få opp ei liste over moglege RAID-Z-variantar.
Viss du er usikker på kva RAID-Z-type du skal velje, kan du lese meir om dette i artikkelen Filsystem, pools og VDevs i TrueNAS (ndla.no).
Vel gjerne dei ulike typane og sjå korleis det påverkar tilgjengeleg lagringsplass ("Estimated raw capacity").
Når du er fornøgd med oppsettet, kan du lagre pool og VDev ved å trykkje på "CREATE"-knappen.
Eit sprettoppvindauge vil kome fram og be om stadfesting på at diskane blir brukte og dermed sletta. Kryss av for "Confirm", og trykk "CREATE POOL".