Installasjon av TrueNAS CORE
TrueNAS er eit ope kjeldekodeprosjekt (open source) som lèt oss setje opp NAS-server (Network Attached Storage). Systemet er basert på FreeBSD, eit UNIX-liknande operativsystem som òg er gitt ut under open kjeldekode.
CORE-versjonen av TrueNAS er fritt tilgjengeleg og gratis, mens andre versjonar som er tiltenkte større bedrifter, kostar pengar.
Krava til servermaskina er
64 bit-prosessor
minimum 8 GB RAM
minst to harddiskar eller SSD-ar: ein for operativsystemet og minst ein for fil-lager (tre eller fleire harddiskar er tilrådd for redundante fil-lager)
nettverkskort for kabla nettverk
Anna utstyr som trengst for oppsett, er
skjerm og tastatur til servermaskina
minnepenn som kan lagast til oppstartsmediet
datamaskin for å lage til oppstartsmedium og fjernstyre/konfigurere serveren etter basisinstallasjonen
kabla nettverk som koplar saman serveren og datamaskina, helst med DHCP
For å lage eit USB-installasjonsmedium treng du eit program som balenaEtcher (balena.io) eller Rufus (rufus.ie) installert på datamaskina di.
Last ned TrueNAS til datamaskina di. ISO-fila kan lastast ned frå TrueNAS si nettside: Download TrueNAS Core (truenas.com).
Kople til USB-minnepennen som du ønskjer å lage til oppstartsmedium. Merk at minnepennen vil bli sletta i prosessen.
Køyr programmet for å lage installasjonsmediet. Vel ISO-fila og USB-minnepennen du ønskjer å installere på. Pass på at riktig lagringsmedium er valt.
Oppstart av installasjon
Kople installasjonsmediet til servermaskina og start denne opp. Under oppstarten vil tekst beskrive kva tast som kan trykkjast for å velje oppstartseining. Vel USB-minnepennen som oppstartseining.
På nokre maskiner må val av oppstartseining gjerast via BIOS/UEFI. Sjå etter "Boot Order" eller liknande.
Når servermaskina startar opp frå installasjonsmediet, vil du få opp startmenyen du ser på biletet.
Trykk på enter-tasten for å starte installasjonen.
Installasjonsprogramvara vil no lastast inn i arbeidsminnet (RAM) og byrje å undersøkje kva einingar som er tilknytte servermaskina.
Når dette er gjort, vil ein ny meny visast på skjermen.
Menyen kan navigerast med piltastar og tab-tasten. For å velje bruker du mellomrom-tasten.
Vel "Install/Upgrade", og trykk "OK".
Dersom du har nøyaktig 8 GB med RAM, kan det hende du får ei åtvaring om dette. Stadfest eventuelt med "Yes" for å gå vidare.
Val av lagringseining for operativsystem
I neste meny får du velje kva lagringseining du ønskjer å installere TrueNAS-operativsystemet på. Merk at den valde lagringseininga vil berre brukast til operativsystemet og kan ikkje brukast som del av fil-lager, så vel gjerne ein liten SSD eller harddisk for dette.
Vel "OK" for å gå vidare når du har valt lagringseininga du vil installere på.
Det er mogleg å installere TrueNAS OS på fleire einingar samtidig. Desse vil då bli spegla, noko som gir auka redundans. Dette er nyttig for oppsett i aktive driftsmiljø.
Du vil få åtvaring om at installasjonen vil slette alle dataa på lagringseininga. Vel "Yes" for å stadfeste installasjonen.
Lage passord til root-brukar
Root-brukaren er ein spesialbrukar innan Unix-liknande operativsystem som har dei høgaste rettane, det vil seie alle rettar, for systemet.
For testoppsett kan du velje eit enkelt passord, men eit du ikkje bruker i privat samanheng.
Skriv inn passordet to gonger, og gå vidare ved å trykkje "OK".
BIOS eller UEFI
I neste steg av installasjonen må du velje om TrueNAS skal bruke BIOS- eller UEFI-modus. Vel det riktige for deg.
Dersom du er usikker, kan du spørje læraren eller prøve deg fram.
Det verste som skjer, er at operativsystemet ikkje startar opp skikkeleg etter installasjonen, og installasjonsprosessen må gjerast på nytt.
Oppsett av swap-område
Dersom ei datamaskin går tom for arbeidsminne (RAM), kan ho bruke plass på andre lagringseiningar i staden. Dette kallar vi for swap.
Dersom du har ei servermaskin med lite arbeidsminne (RAM), er det tilrådd å lage eit swap-område på lagringseininga til operativsystemet. Viss ikkje, bør du hoppe over swap.
Ferdigstilling av installasjon
Når installasjonen er fullført, vil du få beskjeden du ser på biletet. Trykk "OK", og du kjem tilbake til den første installasjonsmenyen. Her vel du "Shutdown System".
Når servermaskina har slått seg av, kan du fjerne USB-minnepennen med installasjonsfilene.
Start servermaskina opp på nytt igjen. Ein oppstartsmeny vil visast ei kort stund. Denne kan du berre la gå vidare automatisk.
Dersom du ikkje får opp TrueNAS-oppstartsmenyen, må du truleg inn i maskina sin BIOS/UEFI. Der må du endre den faste oppstartsrekkjefølgja slik at installasjonsmediet (USB-minnepennen) blir valt før interne lagringseiningar.
Den første oppstarten av TrueNAS tek nokre minutt. Når operativsystemet har starta opp, vil du sjå eit skjermbilete som det under. Legg merke til at IP-adressa til servermaskina er mogleg å lese av her.
Du kan no kople til TrueNAS-serveren frå nettlesaren i ei anna maskin i lokalnettverket for vidare oppsett.