Nettverkslagring
Datamaskiner, serverar og IT-system har litt intern lagringsplass. Denne blir brukt til operativsystem, programvare og loggar. Andre filer som trengst, kan lagrast internt (dersom maskina har plass), eller dei kan lagrast i ei felles lagringsløysing over eit nettverk.
Døme på oppsett
Ei lita bedrift lagar reklamepakkar for tv og internett. Dei har fleire arbeidsstasjonar som blir brukte for redigering av lyd og video. For å oppbevare råmateriale som foto, lyd, video og grafiske element bruker dei ein lagringsserver med nettverkstilkopling (NAS).
Arbeidsstasjonane er kopla til det same nettverket og når dermed tak i alle filene dei treng. I tillegg til lagringsserveren har dei ei sikkerheitskopiløysing, som kvar natt sender kopi til ei skylagringsteneste.
Når vi ikkje lagrar data lokalt, bruker vi som oftast ein av metodane under.
NB! Skylagring er ikkje teken med under. Denne typen ekstern lagring skjer via internett og er utanfor kontrollen vår, for vi har inga styring over korleis det er sett opp. Slike løysingar vil ofte basere seg på store SAN-løysingar.
Direktekopla lagring (Direct Attached Storage – DAS)
Direktekopla lagring er når ei ekstern lagringseining er kopla direkte til ein server eller klientmaskin. Eksterne lagringseiningar er USB-minnepinne, ekstern harddisk og sett med eksterne harddiskar i RAID-oppsett.
Nettverkslagring (Network Attached Storage – NAS)
NAS blir brukt mykje i mindre bedrifter og privat. NAS-serveren leverer filer via ordinært lokalnettverk til serverar og klientar.
NAS-serverar kan kjøpast ferdigbygde, eller dei kan setjast opp frå grunnen av. Dei bruker som oftast ein RAID-variant for å sikre data mot maskinvarefeil. NSF og SMB er vanlege overføringsprotokollar for NAS.
Lagringsnett (Storage Area Network – SAN)
SAN blir brukt i større serveroppsett der det er behov for høg fart og låg forseinking mellom lagringsløysing og serverane.
Ordinære Ethernet-baserte nettverk er for trege og har for høg forseinking til å bli brukt i SAN-oppsett. Derfor blir det brukt dedikerte spesialnettverk som Fiber Channel for kontakten mellom SAN og serverar.
SAN er ikkje laga for å gi tilgang til enkeltfiler slik som NAS. SAN gir serverar tilgang til fysiske eller logiske lagringseiningar (Block Level Storage). Desse blir så monterte opp (mount) i dei tilkopla serverane og tek så for seg handtering av filer og filsystem. I dei fleste oppsett har klientmaskiner ingen direktekontakt med SAN, men får filer via ein eller fleire serverar.
Relatert innhald
Lær korleis du set opp ein NAS-server (Network Attached Storage) med TrueNAS 12.
RAID lar oss setje enkeltståande lagringseiningar som harddiskar til å arbeide saman. Dette har fleire fordelar, den viktigaste er auka feiltoleranse.