Hopp til innhald

Fagstoff

Makt og kristninga av Noreg

Vi seier gjerne at kristendommen blei innført i Noreg i 1030, ved slaget på Stiklestad, men kristninga av landet var nok ein mykje meir komplisert og langdryg prosess, og religionen spelte òg ei viktig rolle under samlinga av det langstrakte landet vårt.
Illustrasjon som etterliknar eit middelaldersk trestikk av menn i strid med skjold og spyd. I forgrunnen er fleire daude og skadde menn.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå Håkon Adalsteinsfostre til slaget på Stiklestad

Harald Hårfagre sende den yngste sonen sin, Håkon, til kong Adalstein i England. Ettersom England var eit kristent land, blei også Håkon oppseda som kristen. Då han seinare overtok den norske trona rundt 933, fekk vi altså ein kristen konge. Han hadde òg med seg ein engelsk biskop til heimlandet då han returnerte frå England. Likevel skulle det ta nesten hundre år før Noreg offisielt blei kristna.

I mellomtida hadde vi to såkalla «kristningskongar», Olav Tryggvason og Olav Haraldsson (den heilage). Dei to kongane er kjende for å ha brukt ganske brutale metodar. Vi seier gjerne at dei kristna Noreg med sverd, det vil seie at dei gjekk omsynslaust til verks overfor dei som ikkje ville godta den nye religionen. Men kvifor var det så viktig for dei at folk skulle omvende seg til kristendommen? Og kvifor tok dei i bruk så harde middel?

Kristendommen som verktøy for maktsamling

Den nye religionen eigna seg svært godt for den som ønskte eit samla Noreg, under éin konge. I kristendommen blir nemleg den eineherskande kongen rettferdiggjord og framheva, han som har fått makta si frå Gud.

I hovdingsamfunnet hadde kongen, eller den øvste leiaren, vore ein primus inter pares, altså «den første blant likemenn». Han skulle byggje makta si nedanfrå og opp, ved å vere raus, vennleg og rettferdig. Han måtte vere ein dugande krigar og ein god strateg. Ved overgangen til kristendommen kom det typisk kristne kongsidealet, nemleg rex iustus, eller «rettferdig konge». Ein slik konge fekk makta si frå Gud og måtte dermed ikkje kjempe seg opp som ein «første blant likemenn». Han kunne rettferdiggjere posisjonen sin utan å måtte overtyde bøndene om at han var den beste krigaren og den rausaste velgjeraren. Idealet for dei kristne middelalderkongane var å sikre at Guds lov blei overholdt på jorda og skape eit godt samfunn for folket sitt, sjølv om dette ikkje alltid var like tydeleg i praksis.

Ein annan grunn til å kristne landet var rett og slett forholdet til andre statar. Så å seie heile resten av Europa var på denne tida kristna, og det å ha same religion som dei andre var nok ein viktig faktor. Det kunne lette handelen og annan kontakt mellom statane.

Personleg religiøsitet

At kristendommen var gunstig for dei som hadde maktambisjonar i Noreg, er det ingen tvil om. Samtidig må vi hugse at den personlege overtydinga hos desse kongane nok også har vore sterk. Den kristne bodskapen om nestekjærleik og tilgiving stod i sterk kontrast til vikingane sin brutale æreskultur. Dei kristne mytane og den kristne bodskapen har sikkert også spelt ei viktig rolle for desse kongane og for andre vanlege folk som lét seg omvende på eige initiativ.

I dag tenkjer dei aller fleste nordmenn på religion på ein annan måte enn det folk gjorde for tusen år sidan. Den gongen var religion meir enn noko å tru på – det var ein måte å leve på. Trua gjennomsyra det meste ein gjorde, og frykta for å hamne i helvete var høgst reell. Å sjå kristninga av Noreg berre som ein måte å skaffe seg makt på blir derfor for enkelt. Desse kongane hadde nok vore i utlandet og blitt omvende der. Då dei kom heim, ønskte dei å innlemme resten av folket i det dei trudde på.

Stort steinkors med blomstereng rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samtidig som kongane ønskte å kristne folket, var det nok òg nokre som blei omvende på eige initiativ. Allereie på 800-talet finn vi kristne symbol blanda med norrøne. I løpet av 900-talet blir dei første kirkene bygde og vi ser spor av at kristendommen enkelte stader overtar for den norrøne religionen. Mange nordmenn hadde vore i utlandet, og dei kunne ha plukka opp den nye religionen der. Kanskje var dei blitt overtydde etter eit besøk i eit fransk kloster, eller dei hadde møtt ein engelskmann med gode overtalingsevner? Vidare er det mogleg at dei snakka varmt om kristendommen til andre i heimbygda. Slik har truleg den nye religionen spreidd seg, parallelt med at kongane innførte han med makt. Dette ser vi mellom anna ved at det er funne kristne symbol i Noreg som stammar frå før den offisielle kristninga.

Ei tilpassa form for kristendom

Då kristendommen først blei innført i Noreg, måtte han tilpassast norske forhold. Å erstatte dei gamle norrøne gudane med éin ny og eineståande Gud må ha vore ei stor omvelting for folk. Derfor var det òg viktig å trekkje fram dei sidene ved den nye religionen som passa inn i den gamle kulturen og livsvilkåra til nordmennene. Slik kunne det nye tilpassast det gamle, og ein slapp å gi opp alt det kjende og kjære med ein gong. Det finst òg skriftlege framstillingar av både Jesus, Maria og Den heilage ande som samanliknar dei med norrøne gudar som Tor og Odin.

Dei norrøne verdiane hadde i stor grad vore ære, krigarvilje og mot. Slike verdiar blei òg tillagde dei norrøne gudane, som i stor grad var barske og modige. Å skulle erstatte slike verdiar med ein lidande Kristus på krossen var nok ein urealistisk tanke i Noreg. Folk verdsette framleis dei same ideala som før, og ein lidande Kristus hadde nok lett blitt oppfatta som svak. Når vi ser på tidlege framstillingar av Kristus i Noreg, ser vi at han ofte er framstilt som stridande, stikk i strid med det europeiske idealet, der den stille lidinga gjerne blei trekt fram som eit ideal. På denne måten skapte nordmennene sin eigen vri på den nye religionen.

For mange var det nok òg viktig å halde fram med dei gamle skikkane med å ofre til mange ulike gudar, etter kva dei hadde behov for. Dei var vane med å vende seg til éin gud for avl og årsvekst, éin for krig osv. Den forma for kristendom som blei innført i Noreg på 1000-talet, var katolisismen. I den katolske kyrkja dyrkar ein ulike helgenar. Ein helgen er ein person som det blir hevda at Kristus har levd gjennom, og ein kan derfor ære Kristus gjennom å tilbe helgenen. Helgendyrkinga kunne på mange måtar erstatte det gamle systemet med fleire gudar. Ein kunne tilbe ein spesiell helgen, ut frå eigenskapane til denne helgenen. At helgenkulten stod sterkt i Noreg, er derfor ikkje så rart.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Annikken Johansen og Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020

Læringsressursar

Norsk mellomalder