Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Norsk mellomalder

Norsk mellomalder er den katolske perioden i norsk historie. Perioden varte i 500 år og inneheldt både borgarkrigar, stordomstid og unionar. Den mest dramatiske hendinga i perioden var svartedauden.

Kjenneteiknet til mellomalderen, byrjing og slutt

I europeisk historie knyter vi gjerne mellomalderen til at Romarriket går i oppløysing, samtidig som kristendommen får stadig meir fotfeste og den katolske kyrkja blir ein maktfaktor. Derfor er det vanleg å seie at mellomalderen startar rundt 500 e.Kr. i store delar av Europa. Noreg var aldri ein del av Romarriket og kristendommen fekk ikkje gjennomslag her før 500 år seinare. Derfor har det vore vanleg å rekne norsk mellomalder frå 1000-talet.

Det enklaste er å knyte denne epoken i norsk historie til katolsk kristendom. Kristninga skjer på 1000-talet, og ein kan derfor setje startpunktet for norsk mellomalder til slaget ved Stiklestad i 1030, eller noko seinare når kristendommen for alvor har fått fotfeste i befolkninga. Viss ein legg vekt på vikingekspansjonane, kan ein strekkje vikingtida til 1066, då den siste vikingkongen Harald Hardråde døydde i slaget ved Stamford Bridge.

Avslutninga av denne epoken blir enklare å tidfeste sidan reformasjonen blei innført ved lov i 1536–37. Det betydde slutten på den katolske kyrkja i Noreg.

Nidarosdomen var eit eineståande byggverk i norsk mellomalder og det viktigaste pilegrimsmålet i Norden. Her kan du utforske katedralen slik han ser ut i dag.

Periodisering av norsk mellomalder

Til liks med europeisk mellomalder blir norsk mellomalder gjerne delt i fleire delar. Historikarar er usamde i korleis det er formålstenleg å dele inn norsk mellomalder. Uansett gjekk Noreg inn i ein ganske fredeleg periode etter 1030. Dette varte til 1130, då det braut ut borgarkrig. Denne borgarkrigstida varte til 1228, då Noreg gjekk inn i den såkalla stordomstida som varte til svartedauden kom i 1348–49.

I europeisk historie blir heile denne perioden frå ca. 1050 til 1350 kalla for høgmellomalderen, og det er ganske vanleg å gjere det same i norsk historie. Tida etter svartedauden blir av dei fleste kalla for seinmellomalderen, både i norsk og europeisk historie. Pesten betydde store sosiale omveltingar. Politisk blei Noreg del av ein union som på sikt skulle bety tap av norsk suverenitet.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2020

Læringsressursar

Norsk mellomalder