Hopp til innhald

Fagstoff

Å tidfeste eit historisk brot – slutten på høgmellomalderen

Det er vanleg å rekne utbrotet av svartedauden på midten av 1300-talet som slutten på høgmellomalderen, både i norsk og europeisk samanheng. Om lag 60 prosent av befolkninga i Europa døydde. Ingen samfunnslag blei sparte.
Svartkledde menneske ber ei båre med ein kropp utanfor ei trekyrkje. I opninga på kyrkja står ein prest og velsignar knelande menneske. I utkanten av biletet ser ein nygravde graver og sørgande menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedgangstider - eller ein katastrofal velgjerar?

For det norske politiske styret blei dette skjebnesvangert. Den vesle krinsen med adel og kongeslekt blei nærmast utrydda. Handelsborgarskapen var i stor grad tysk, og dei var ikkje opptekne av å forsvare norske interesser. Samtidig opna folketapet for endringar i eigedomsforholda. Mange gardar blei liggjande aude. Dermed kunne bønder flytte inn på bruk med betre jord. Tilgangen på betre naturressursar for befolkninga har gjort at pesten òg er blitt kalla «den katastrofale velgjeraren».

Dersom vi meiner at det er viktig å leggje vekt på sosiale og økonomiske føresetnader når vi studerer fortida, verkar det naturleg å sjå på svartedauden som eit historisk brot og slutten på høgmellomalderen.

Når slutta den norske høgmellomalderen?

Ein kan likevel hevde at slutten på norsk høgmellomalder kan ha vore tidlegare, nemleg alt i 1319. Då gjekk landet inn i ein kongeunion med Sverige.

Arrangerte ekteskap med rike slekter i nabolanda var blitt vanleg i den norske kongeslekta. Då Håkon 5. Magnusson døydde i 1319, etterlét han seg eit barnebarn på tre år som einaste kongsemne. Faren til barnet var av svensk adelsslekt. Ein norsk-svensk kongefellesskap under den vesle guten, Magnus Eriksson, blei ein realitet.

No var kongemakta flytta utanfor dei norske områda. Riksrådet skulle forsvare norske interesser. Det gjekk ikkje så bra. I 1537 blei rådet avskaffa, og Noreg fekk status som eit dansk «ledemot» – på linje med eit len.

Legg vi vekt på politiske endringar i historia, er det naturleg å argumentere for 1319 som slutten på høgmellomalderen.

Relatert innhald

Åra frå 1350 til 1550 er både i norsk og europeisk politisk historie kjenneteikna av sterkare kongemakt og svekt adel.

I 1217 blei birkebeinarane og baglarane einige om at barnebarnet til Sverre, Håkon Håkonsson, skulle bli konge. Det markerer innleiinga på høgmellomalderen i Noreg.

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.09.2017

Læringsressursar

Norsk mellomalder