Hopp til innhald

Fagstoff

Hovdingsamfunnet – vennskap og alliansar

Vikinghovdingen måtte vere både rik og raus, og ikkje minst ha svært gode sosiale evner. Mykje av jobben hans gjekk nemleg ut på å byggje alliansar og vennskap med folk rundt seg. Han var avhengig av at nokon var villige til å gå i krigen for han, og det kom sjølvsagt ikkje gratis.
Håkon den gode taler på tinget til trønderne. Illustrasjon til Heimskringla 1899-versjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit samfunn utan sentralmakt

Før etableringa av den faste kongemakta fanst det inga sentralmakt som vedtok lover, dømde dei som gjorde urett, eller tok vare på dei svake, slik vi er vane med i dag. Dette var oppgåver som folk i kvar bygd eller slekt sjølve måtte ta seg av. Det var sjølvsagt ikkje slik at det var fritt fram for alle å gjere som ein ville, eller at kvart menneske stod heilt åleine i verda. Kvart lokalsamfunn hadde nemleg sine lover og reglar, og sine måtar å straffe lovbrytarar på. Og familien og venner tok gjerne vare på dei gamle, dei sjuke og andre som hamna i uheldige situasjonar. Ein stod altså ikkje heilt utan eit sosialt tryggingsnett, jamvel i vikingtida.

Men for at eit slikt system skal fungere, trengst det ein lokal leiar, ein som kan halde ro og orden, og som har makt nok til å straffe dei som bryt lover og reglar. Ei slik rolle hadde hovdingen i vikingsamfunnet.

Hovdingane var altså dei øvste leiarane i samfunnet før kongemakta etablerte seg i Noreg. Ordet hovding kjem av det norrøne ordet for «hovud», og vi kan sjå på hovdingen nettopp som eit overhovud. Hovdingen var nemleg ikkje ein brutal herskar som la folk under seg med makt, men eit overhovud som folk frivillig valde å vere lojale mot.

Gjensidig forhold mellom hovding og bonde

Ein hovding måtte heile tida ha menn under seg som var villige til å stille opp dersom han hamna i ein konflikt. Utan dei var han hjelpelaus i kamp mot andre. Det hjelpte lite å vere av god ætt og ha store rikdommar dersom ingen var villig til å stille opp når det var behov for hjelp. Derfor var det viktig for hovdingen å knyte vennskap med bønder og vanlege folk.

På den andre sida hadde også bøndene stadig behov for vern. Dei var heile tida nøydde til å forsvare seg og sitt mot andre, og dei måtte krevje bot dersom nokon gjorde urett mot dei. Det var vanskeleg å greie dette på eiga hand, og her kunne ein mektig hovding vere god å ha. Å vise andre at ein stod under vern av ein sterk mann, kunne verke avskrekkande nok for dei som ville nokon vondt.

På denne måten kom både hovdingen og bøndene godt ut av det gjensidige forholdet. Begge oppfylte ein del plikter, mot at dei fekk noko tilbake. Slik kunne begge partar oppleve ein viss tryggleik og stabilitet i eit elles turbulent samfunn.

Inngåing av vennskap – gåver og festar

For å knyte bønder til seg måtte vikinghovdingen først og fremst vere rik og raus. Som nemnt var det vanskeleg for ein hovding å leggje folk under seg med rein makt. Dersom han var valdeleg og urimeleg, ville bøndene heller støtte ein annan hovding. Det kunne han ikkje risikere. Ved å gi flotte gåver og invitere til storslåtte gjestebod kunne hovdingen derimot setje folk i ein situasjon der dei kunne kjenne seg ufrie fordi dei heile tida var skuldig han motytingar.

Samtidig var det ikkje nok for hovdingen å gi bøndene ei mengd med gåver. Han måtte òg vise at han stilte opp dersom nokon trong hjelp. Dersom han ikkje gjorde det, ville andre fort forstå at han ikkje var til å stole på, og då ville dei heller støtte ein annan.

Alliansar på kryss og tvers

Hovdingar kunne òg opprette vennskap med andre hovdingar. I eit samfunn der makt og posisjonar var svært viktig, kunne det vere lurt å skape fred og forsoning med andre hovdingar. Å ha gjensidig hjelp og støtte i kvarandre var taktisk smart. Slike alliansar måtte forseglast på andre måtar enn avtalane med bøndene. Til dømes kunne ein gifte seg med nokon frå familien til den andre hovdingen eller sende barna sine til oppfostring hos den andre. Slik sikra ein seg vennskapsband. Eit kjent døme på dette er Harald Hårfagre, som sende ein av sønene sine til kong Adalstein i England. Denne sonen blei seinare konge i Noreg, og slik hadde ein sikra eit godt forhold mellom dei to statane.

Etter kvart som det norske samfunnet blei meir og meir samla hos få og store makthavarar, voks det òg fram ei anna form for allianse, nemleg den mellom vanlege hovdingar og hovdingar som var mektigare, eller som var småkongar. På denne måten kunne éin hovding eller småkonge knyte til seg fleire små hovdingdømme og slik sett ha eit overordna styre over fleire menneske enn det han sjølv kunne inngå vennskap og alliansar med.

Eit ættesamfunn

Noreg i tida før rikssamlinga er gjerne blitt rekna som eit ættesamfunn. Det vil seie at det var slekt og familie som skapte dei sterkaste banda i samfunnet. Makt og samfunnsposisjonar gjekk i arv, og ein hadde sterke plikter til familien. Til dømes kunne ein hemne ein slektning som var drepen, eller ein kunne krevje bøter for drapet.

At slekt og familie stod sterkt i denne tida, er det liten tvil om. Det var familien som skulle ta vare på deg når du blei gammal. Og det var vanskeleg å arbeide seg oppover i samfunnet. Den som var fattig, blei gjerne verande fattig. Og ikkje minst: Den som var fødd rik, kunne bruke rikdommen til å styrkje sin eigen posisjon. Slik sett var familietilknytinga ein viktig faktor i samfunnet. Samtidig har forskinga dei seinare åra i større grad framheva vennskap som det viktigaste bandet. Ein kunne ha gode og dårlege slektningar, og gode og dårlege venner. Dette er kanskje ein tenkjemåte som ligg nordmenn i notida nokså nær. Vi kjenner att tanken om at familien dannar eit slags hovudgrunnlag, men erfarer vel òg at ein god venn kan vere vel så viktig og støttande som ein fjern onkel, når det verkeleg røyner på.

Relatert innhald

Vi seier gjerne at kristendommen blei innført i Noreg i 1030, ved slaget på Stiklestad og den seinare kanoniseringa av Olav den heilage.

CC BY-SASkrive av Annikken Johansen og Kommuneforlaget.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Vikingtid