Hopp til innhald
Film og filmklipp

Ergonomi i restaurant- og matfag

Ergonomi er viktig i alle yrke. Som arbeidstakar har du ansvar for å ta vare på di eiga helse, og arbeidsgivaren har ansvar for å leggje til rette for deg slik at du unngår uheldige arbeidforhold som kan gi deg plagar og skader.
Ergonomi i restaurant- og matfag. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Sjå filmen og gjer oppgåvene

  1. Gjer greie for omgrepa ergonomi, belastingsskadar og muskel- og skjelettplager.
  2. Ta føre deg tre yrke innanfor restaurant- og matfag. Beskriv utfordringane du trur desse tre yrkesgruppene har i det daglege arbeidet sitt.
  3. Lag gode råd for ergonomiske prinsipp til fagarbeidarar i dei tre yrka du har valt. Lag ein plakat eller ein digital plakat med råda dine.
  4. Beskriv kva utfordringar du ser på skulen eller arbeidsstaden din når det gjeld ergonomi og HMS innanfor
  • hjelpemiddel til tunge løft
  • arbeid på kjøle/frys
  • varelevering
  • varme og tunge kjelar/bakkar
  • tilpassa arbeidsbenkar
  • golv og sikkerheit