Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

HMS-arbeidet ved skulen

Har du oversikt over dei fysiske og psykiske miljøfaktorane på skulen din? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper. De tek utgangspunkt i skulen de går på, og svarer på spørsmål om HMS-arbeidet ved skulen.
To unge kvinner sit rundt eit bord. Ei tredje kvinne står midt imellom dei. Dei pratar og smiler til kvarandre.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intervju ein leiar

Veit de kven som styrer HMS-arbeidet på skulen? Finn ut kven som er HMS-ansvarleg. Avtal eit intervju med vedkommande eller ein annan som har oversikt over HMS-arbeidet på skulen.

Finn svar på desse spørsmåla:

  • Kva er dei viktigaste fysiske miljøfaktorane?
  • Korleis er dei tekne hand om på skulen?
  • Kva er dei viktigaste psykososiale miljøfaktorane?
  • Korleis er dei tekne hand om på skulen?

De kan òg byggje vidare på desse spørsmåla når de gjer intervjuet.

Drøft

Samanlikn svara de fekk, med korleis de i gruppa opplever dei fysiske og psykiske miljøfaktorane på skulen. Opplever de at dei er tekne hand om på ein god måte? Reflekter og grunngi svara med døme.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

HMS, ergonomi og verneutstyr