Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeidsmiljøet – kor viktig er det eigentleg?

Jobb er jobb? Eller?
Samandrag av filmen

Helsefremmande arbeidsplassar handler om korleis jobben får folk til å føle seg – korleis arbeidsplassen kan styrke og utvikle oss. Helse rommar meir enn spørsmålet om ein er sjuk eller frisk, for du kan vere sjuk, men føle at du har det bra likevel. Motsett kan du vere heilt frisk, men føle at du ikkje har det bra. Det avgjerande er korleis du sjølv opplever at du har det, og det er den opplevinga helsefremmande arbeidsplassar handlar om.

Skal du føle deg bra, må du ha det bra på jobb. Men kva er det å ha det bra på jobb? Er det berre å gjere det du har lyst til? Nei, sjølvsagt ikkje. Noko av det viktigaste er kjensla av å gjere nytte for seg – at du får oppgåver du kan klare på ein god måte. Når du klarer oppgåvene og jobben din, så utviklar du deg. Du føler at du er klar for nye utfordringar. Det betyr mykje for sjølvkjensla og korleis du opplever eiga helse. Det er òg ei god kjensle når du kan vere med å påverke eigen arbeidssituasjon, at du blir lytta til. Du skal vite kva som blir krevd av deg og få tydelege tilbakemeldingar på det du gjer. Samtidig er det sunt å få ros når vi fortener det. Fordelingar av oppgåver og ein god sosial fellesskap har mykje å seie, og kan føre til at jobben gir oss den gode kjensla. Viss jobben får oss til å føle oss bra, då er han helsefremmande.

Noko av det som er viktig, er altså meistring og utvikling, medverknad, rettferdig behandling, anerkjenning og ein god sosial fellesskap. Det er i alle si interesse å gjere ein arbeidsplass helsefremmande. Medarbeidarar som får betre helse og engasjement, blir meir kreative og produktive. Det fører til ein endå tryggare arbeidsplass, og at verksemda blir betre – ein god sirkel der alle vinn. Alle miljø og alle menneske er forskjellige. Korleis kan din arbeidsplass blir meir helsefremmande?

Del 1

Sjå filmen og svar på oppgåvene under:

  • Kva meiner vi med ein helsefremmande arbeidsplass?
  • Kva kan du gjere på arbeidsplassen din, eller praksisplassen din, for å bidra til eit godt arbeidsmiljø?

Del 2

  • Diskuter i klassen kva ein helsefremande arbeidsplass er, og korleis de sjølve kan bidra når de er på jobb.
  • Du er god venn med ein av kollegaene dine, men hen snakkar alltid arbeidsplassen og sjefen ned og er generelt negativ. Du synest det begynner å bli slitsamt. Kva vil du seie til vennen din? Og korleis kan du seie det utan å såre hen?
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2023

Læringsressursar

HMS, ergonomi og verneutstyr