Hopp til innhald

Fagstoff

HMS

I Noreg står helse, miljø og sikkerheit (HMS) sentralt for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø. Alle bedrifter, store som små, må jobbe for å skape ein triveleg og trygg arbeidsplass som førebygger sjukdom og skader.
Kokkar i samtale på kjøkkenet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettar og plikter

Det er gitt ei rekke lover, forskrifter og rettleiingar som set krav om HMS på arbeidsplassen. Arbeidsgivar og arbeidstakar har både rettar og plikter ifølge desse forskriftene.

Arbeidsgivaren har hovudansvaret for å legge til rette for at du får eit godt og sikkert arbeidsmiljø, at det finst nødvendig verneutstyr på arbeidsplassen og for å sørge for at alle får tilstrekkeleg opplæring.

Du som tilsett har plikt til å medverke. Du har mellom anna plikt til å melde frå om farlege forhold og handlingar, medverke til eit godt arbeidsmiljø og å bruke pålagt og tilgjengeleg verneutstyr. Denne plikta blir kalla medverknadsplikta.

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova er lova som regulerer arbeidslivet slik at det å utføre eit arbeid er så trygt og lite helseskadeleg som mogleg. Ho gir klare reglar for korleis bedrifter skal jobbe med HMS og trygge tilsetjingsforhold.

Arbeidsmiljølova krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg med omsyn til faktorar som kan verke inn på den fysiske og psykiske helsa og velferda til arbeidstakarane. Arbeidsmiljøet skal òg gi grunnlag for at du som arbeidstakar får ein helsefremmande og meiningsfull arbeidssituasjon. Bedrifta har ansvar for å vareta det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet.

Det fysiske arbeidsmiljøet

Det fysiske arbeidsmiljøet handlar om dei ytre omgivnadene på arbeidsplassen din og korleis desse kan verke inn på deg når du skal utføre arbeidet ditt. Det fysiske arbeidsmiljøet bør vere utforma slik at du kan utføre arbeidet ditt på ein trygg måte, utan at det fører til skadar, sjukdom eller slitasje.

Ein god og formålstenleg arbeidsplass bør ha tilstrekkeleg med lys og eit behageleg inneklima. Arbeidsbenken må vere tilpassa deg og den jobben du skal gjere der.

Utstyr som du skal bruke ofte, må vere plassert lett tilgjengeleg slik at det blir så få tunge løft som mogleg, og slik at arbeidet blir mest mogleg effektivt. Arbeidsreiskap og verktøy må ha ein forsvarleg kvalitet og haldast i god stand. Det er viktig at alle har god kjennskap til bruk og vedlikehald av verktøyet og maskiner. Ingen må betene maskiner dei ikkje har fått opplæring i bruken av.

Glatte golv er farlege. Golva må vere slik at dei er lette å halde reine, samtidig som faren for å skli er minst mogleg. Ein ryddig og oversiktleg arbeidsplass er med på å sikre eit godt arbeidsmiljø og gode resultat.

Kokkar i arbeid på kjøkkenet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det psykososiale arbeidsmiljøet

Det psykososiale arbeidsmiljøet handlar om korleis arbeidet blir organisert og leidd, arbeidstidsordningar, om du får tilstrekkeleg informasjon, opplæring, variasjon i arbeidet, innverknad og utviklingsmoglegheiter. Det handlar òg om kontakt med andre, tidspress og stress, kommunikasjon og om å vere verna frå trakassering, vald og truslar.

Når vi jobbar saman med nokon vi trivst med, opplever vi jobben som god, og arbeidsplassen er god for helsa. Når samarbeidet med kollegaer eller leiarar er dårleg, opplever vi jobben som vanskeleg. Arbeidsplassen kan bli helsebelastande og føre til sjukdom og skader, låg effektivitet og misfornøgde kundar. Alle må derfor bidra til å skape den gode, trygge og sikre arbeidsplassen.

Ein triveleg arbeidsplass blir òg kjenneteikna ved at konfliktar, anten dei er mellom tilsette eller med leiar, blir løyste mens dei er små. Kort sagt kan vi seie at dårlege kollegaer og leiarar er ein helserisiko, mens gode leiarar og gode kollegaer fremmar god helse. Det er ikkje mogleg å oppnå eit godt HMS-nivå utan å skape ein triveleg arbeidsplass.

Arbeidsmiljøsirkelen

I denne videoen blir du kjend med arbeidsmiljøsirkelen. Arbeidsmiljøsirkelen er eit verktøy som gjer faktorane som kan påverke arbeidssituasjonen vår, synlege, på både godt og vondt.

HMS-system og internkontroll

Alle bedrifter er pålagde å jobbe systematisk med HMS og dokumentere dette arbeidet for å vise at det blir gjennomført jamlege tiltak og forbetringsarbeid. På denne måten kan bedrifta sikre at dei oppfyller krava i HMS-lovgivinga. Desse krava finn vi i forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerheitsarbeid (internkontrollforskrifta).

Dagleg leiar skal sørge for gode rutinar for internkontroll. Arbeidet med internkontroll skal gjerast i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira. Dokumentasjonen kan samlast i ein perm eller i ei elektronisk mappe som er lett tilgjengeleg for dei tilsette.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Egil Eikvil og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

HMS, ergonomi og verneutstyr