Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mat frå ulike religionar

Mat er viktig i alle religionar, og kvar religion har sine eigne tradisjonar og reglar som gjeld for mat og måltid. I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i kvar dykkar religion, og lage mat som representerer denne religionen.
Tre religiøse symbol: ein halvmåne, eit kors og ei davidsstjerne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Del klassen i mindre grupper, og fordjup dykk i matreglane innanfor ein bestemd religion. Vel mellom følgande religionar eller trussamfunn:

  • islam

  • jødedommen

  • hinduismen

  • buddhismen

  • Syvendedags Adventistkirken

Lag ein presentasjon for dei andre elevane i klassen. I presentasjonen skal de seie noko om:

  • kva som er lov å ete/drikke, og kva som ikkje er lov å ete/drikke

  • eventuelle reglar for slakting

  • eventuelle reglar for tillaging av mat

  • eventuelle reglar for å innta måltida

  • eventuelle reglar for faste

  • høgtider

Oppgåve 2

Set opp eit forslag til ein meny med hovudrett og dessert som passar innanfor den religionen de har valt. Finn ei oppskrift, og bli einige med læraren om kor mange de skal lage til. Rekn ut mengder, og set opp ei bestillingsliste som de leverer til læraren.

Oppgåve 3

Lag maten de planla i oppgåve 2. Alle gruppene presenterer for dei andre elevane i klassen. Forklar kvifor de har valt akkurat den matretten og dei råvarene. Smak på rettane kvarandre. Kva blei favoritten din?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2023

Læringsressursar

Mat i ulike religionar