Hopp til innhald

Fagstoff

Mat i andre religionar og trusretningar

Det finst ein heil del matskikkar knytte til religionen i både islam og jødedommen, men òg i andre religionar og trussamfunn er det ulike reglar for kva som er lov eller ikkje lov å ete. Vi skal sjå på nokre av desse her.
Kvinner i fargerike drakter sit på huk og strekker hendene mot eit fat med vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hinduismen

Hinduismen er ein religion som består av fleire ulike retningar og tradisjonar. Dei ulike retningane har ulike ritual og levereglar. Nokon praktiserer eit vegetarisk kosthald, mens andre et kjøtt. Eit plantebasert kosthald med bønner, linser, ris og grønsaker er vanleg kvardagsmat for mange.

Av dei som et kjøtt, blir lam og kylling føretrekt, mens svin gjerne blir unngått. I hinduismen blir kua rekna som eit heilagt dyr, og derfor blir det ikkje ete storfekjøtt. Mjølka kan derimot brukast og blir sett på som livgivande. Ein del hinduar praktiserer faste, men her er det ulike tradisjonar.

Nokon drikk alkohol, andre ikkje. Kva som blir rekna som reint og ureint å ete eller drikke, kjem ikkje berre an på kva retning ein høyrer til eller kor strengt ein praktiserer religionen. Det kan òg henge også saman med kva kaste ein høyrer til. For ein som høyrer til prestekasten, blir gjerne både kjøtt og alkohol rekna som ureint, mens ein som høyrer til ei lågare kaste, ikkje følger like strenge reglar. Alkohol er forboden i fleire delstatar i India.

Buddhismen

Buddha og læra hans står sentralt i buddhismen. Buddha har eit sett med levereglar som mellom anna seier at ein buddhist ikkje skal ta livet av nokon levande skapning. Mange er derfor vegetarianarar, men ikkje alle. Nokon tolkar det som at det er greitt å ete kjøtt så lenge dyret ikkje er slakta spesielt for dei. Uansett korleis det blir tolka, har ein buddhist hatt grundige refleksjonar rundt valet sitt og korleis det kan forsvarast etisk. Ein annan av levereglane seier at som buddhist skal du avstå frå berusande drikker og rusmiddel.

Sikhismen

Sikhane følger eit felles rammeverk for livsstilen sin, som blir kalla Sikh Rahit Maryada. Her er det enkelte påbod og forbod. Mellom anna er det forbode eller tabu å ete rituelt slakta kjøtt, men dei kan ete kjøtt frå dyr som er slakta på annan måte. Det er heller ikkje lov å innta rusmiddel eller tobakk, sidan dette er skadeleg for kroppen. Ein del sikhar avstår frå å ete kjøtt. Langar-måltidet i gudshuset til sikhane består alltid av vegetarmat, slik at alle kan delta.

Ikkje alle sikhar er forplikta til å følge desse reglane. Reglane er spesielt forpliktande for dei som har valt å bli innvigde i fellesskapen for trufaste sikhar, den såkalla khalsaen. Dette utgjer eit mindretal av sikhane i verda, men det er òg mange av dei som ikkje er innvigde, som vel å følge ein del av reglane i Sikh Rahit Maryada.

Syvendedags Adventistkirken

Bibelen dannar grunnlaget for trusforståinga. Adventistane held fast på forbodet i Det gamle testamentet om å ikkje ete mellom anna svin, hest, skaldyr og blodmat. Dei legg stor vekt på helse- og fråhaldsarbeid og avstår frå tobakk, alkohol og alle former for rusmiddel. Mange har eit vegetarisk eller vegansk kosthald.

Kjelder

Engelsviken, T. (2022, 26. september). Adventister. I Store norske leksikon. https://snl.no/adventister

Helsedirektoratet. (2016, 15. november). Hvordan tilpasse maten til matregler knyttet til religion. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/ernaering-kosthold-og-maltider-i-helse-og-omsorgstjenesten

Sikher i Noreg. (u.å.). Gurdwara. Henta 21. april 2023 frå https://www.sikher.no/gurdwara

Sikher i Noreg. (u.å.). Innvielse. Henta 21. april 2023 frå https://www.sikher.no/innvielse

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2023

Læringsressursar

Mat i ulike religionar