Hopp til innhald

Fagstoff

Mat og religion

I eit fleirkulturelt samfunn som Noreg vil du møte menneske som har matskikkar som skil seg mykje frå dine eigne. Matskikkar heng saman med kultur, tradisjonar, råvaretilgang og kva religion ein høyrer til.
Tre unge kvinner et pizza på ein restaurant. Ein av dei ber hijab. Foto.

Religiøse kostomsyn

Mat er viktig i alle religionar, og kvar religion har reglar for kva som blir sett på som etande eller ikkje. Det er òg gjerne eigne ritual knytte til måltid og høgtider, og i nokre religionar blir det praktisert periodar med faste. For ein som er truande, er det viktig å følge dei retningslinjene som gjeld.

Når du jobbar med å lage mat til andre, må du ha kunnskap om ulike matvanar, skikkar og religiøse kostomsyn for å kunne legge til rette og lage god mat til alle. På den måten viser du òg respekt for at andre har vanar og tradisjonar som er ulike frå dine eigne.

Skikkane varierer innanfor same religion

På same måte som at matkulturen i eit land varierer mellom ulike landsdelar, vil òg religiøse matskikkar variere innanfor same religion. Menneske praktiserer religion ulikt og har ulike tolkingar. Nokon praktiserer religiøse matskikkar strengt, andre er ikkje så nøye på det. Det beste er å kommunisere med gjesten for å unngå misforståingar og høyre kva slags ønske og preferansar den enkelte har.

Når vi tilbyr ulike alternativ, som både ein fiskerett, ein kjøttrett og ein vegetarrett, vil dei fleste kunne velje ein av desse.

Tenk over

  • Kva matskikkar og reglar kjenner du til frå ulike religionar?

  • Kva religiøse mattradisjonar er du vakse opp med?

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2023

Læringsressursar

Mat i ulike religionar