Hopp til innhald
Film og filmklipp

Islamsk matkultur og tyrkisk kjøkken

I denne filmen møter du Baki som driv eigen restaurant med halalmat. Du vil få ei innsikt i dei islamske matreglane og sjå tillaging av tyrkiske retter. I tillegg fortel Zakiya og Larin om korleis det er å vekse opp med islamske mattradisjonar i Noreg.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Spørsmål til filmen

  1. Forklar omgrepa halal og haram.
  2. Kva dyr er tillatne å ete innan islam?
  3. Kva er forskjellen på halalkjøt og anna kjøt?
  4. Kva skil halalslakting frå tradisjonell norsk slakting?
  5. Kvifor et ikkje muslimar produkt laga med gelatin?
  6. Kva er ramadan og id og kva mattradisjonar er knytte opp mot dette?
  7. I filmen møter vi Baki som driv eigen restaurant med halalmat. Kva inneber halal-konseptet?
  8. Fortel om nokre typiske retter og tillagingsmåtar innanfor det tyrkiske kjøkkenet.