Hopp til innhald
Film og filmklipp

Vegetarisk kosthald i kvardagen

Kva er vegetar- og vegankost, og kva utfordringar kan eit slikt kosthald by på? Sjå filmen og jobb med oppgåvene.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver

  1. Nemn grunnar til at nokon vel å ha eit vegetarisk eller vegansk kosthald.

  2. Kvifor kan det vere utfordrande å leve som veganar dersom familie og vener ikkje har same kosthald?

  3. Korleis kan ein dekkje proteinbehovet sitt utan å ete animalske produkt?
  4. Diskuter i klassen kva fordelar og ulemper eit meir plantebasert kosthald kan føre til når det gjeld

    1. helse
    2. trening
    3. berekraft
    4. andre faktorar
  5. Undersøk menyen i kantina på skulen eller på ein restaurant i nærleiken. Finn ut kva rettar som passar for personar som held seg til
  • vegankost
  • lakto-vegetarisk kost
  • lakto-ovo-vegetarisk kost
CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022