Hopp til innhald

Fagstoff

Vegetarisme

Vegetarisme er eit kosthald utan kjøtt og fisk – og eventuelt òg utan andre dyreprodukt som egg og mjølk. Dette kosthaldet har blitt praktisert i ulike kulturar verda over i fleire tusen år. Fleire og fleire er i dag opptekne av å ete mindre kjøtt, og det er ei aukande interesse for vegetarisk mat.
Ein tallerken med råkost av finkutta grønsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er vegetarkost?

Menneske som ikkje et kjøtt eller fisk, er vegetarianarar. Kosthaldet baserer seg på matvarer, som kornprodukt, grønsaker, belgvekstar, frukt, bær, potetar, nøtter, frø og planteoljar. Vanlegvis deler vi vegetarkost i tre ulike typar, avhengig av kva næringsmiddel som inngår.

Lakto-vegetarisk kost
er i hovudsak plantebasert kost, kan i tillegg inkludere mjølk og meieriprodukt.
Lakto-ovo-vegetarisk kost
er i hovudsak plantebasert kost, kan i tillegg inkludere både mjølk, meieriprodukt og egg.
Vegankost
er berre plantebasert kost, og ein avstår frå alle matvarer som stammar frå dyreriket, også egg, mjølk og honning.

Andre former for plantebasert kosthald

I tillegg til dei tre gruppene som er nemnde, finst det andre former for plantebasert kosthald, der det blir ete mest plantebaserte matvarer, men òg fisk eller kjøtt av og til. Desse gruppene er ikkje vegetarianarar i tradisjonell forstand, då vegetarianarar utelukkar kjøtt, fisk og sjømat frå kosthaldet sitt.

Pescetarisk kost
inkluderer fisk og sjømat, men ikkje kjøtt.
Fleksitarisk kost
inkluderer fisk, kjøtt og eventuelt andre animalske matvarer av og til.
Semi-vegetarisk kost
inkluderer kjøtt eller fisk sjeldnare enn ein gong i månaden.

Er vegetarmat helsekost?

Maten ein vegetarianar et, blir ofte kalla "helsekost". Det er ikkje alltid rett. Det går an å leve usunt på vegetarkost, som òg omfattar potetgull og cola, einsidig kosthald og overkokt mat.

Ein definisjon på helsekost er at det er fullverdige, vegetabilske næringsmiddel som er sette saman i riktig forhold, og som er laga på ein skånsam måte som gjer at næringsverdien er best mogleg bevart. Dagleg bruk av råkost inngår som ein viktig del av helsekostomgrepet.

Helsekost er med andre ord kost som er gunstig for helsa.

Kva er vegetarisk mat?

For at ei matvare – anten ei råvare, halvfabrikata eller eit ferdig produkt – skal kunne kallast vegetarisk, må ho vere heilt fri for alle animalske ingrediensar som kjem frå døde dyr. Ho må heller ikkje ha vore behandla eller framstilt ved hjelp av slike ingrediensar. Dette omfattar kjøtt, fisk, skaldyr og alle andre ingrediensar som har opphav.

Ei matvare er likevel vegetarisk om ho inneheld egg eller meieriprodukt, føresett at heller ikkje desse inneheld eller er omarbeidd med ingrediensar frå slaktedyr.

Nokre døme:

  • Ein stor paella med berre nokre få reker er ikkje vegetarisk.
  • Ein grønsakspizza med ost som inneheld animalsk løype (eit slakteprodukt) er ikkje vegetarisk. Ein grønsakspizza med ost utan løype, eller med mikrobiell løype, er derimot vegetarisk.
  • Blomkålsuppe med kumjølk er vegetarisk, men ikkje vegansk.

  • Lettyoghurt laga med gelatin er ikkje vegetarisk.

Ein tallerken med jordskokksuppe, dandert med steikte skiver av jordskokk og eit persilleblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Norsk vegetarforening. (u.å.). En innføring i vegetarkost: introduksjon. Henta 29. juni 2020 frå http://veg-veg.no/vegetar/hva_er_vegetarisme

Nasjonalt råd for ernæring. (27. september 2021). Vegetar- og vegankost - ekspertuttalelse fra Nasjonalt råd for ernæring, Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/vegetar-og-vegankost-ekspertuttalelse-fra-nasjonalt-rad-for-ernaering

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal. Rettshavar: Norsk vegetarforening
Sist fagleg oppdatert 21.11.2023

Læringsressursar

Vegetarkost