Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)
Felles programfag saman med:Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1)
Servering og drikkevarer
Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.
Servering
Ei av dei daglege oppgåvene til servitøren er å gjere klar restauranten til gjestene kjem. Bordet skal vere dekt og pynta til anledninga. Kva for serveringsmetodar fagarbeidaren vel, kjem mellom anna an på type lokale, mat og bemanning.
Serveringsteknikkar
Det er fleire måtar å servere ein gjest på. Det finst eigne reglar og rutinar avhengig av kva meny som gjeld, og kva retter som skal serverast. I dette emnet får du lære om dei forskjellige serveringsteknikkane som er vanlege innanfor servitøryrket.