Hopp til innhald

Fagstoff

Kaviar

Kaviar blir laga av rogn frå ulike fiskeslag. Han blir ikkje varmebehandla, men blir eten fersk, salta eller lettrøkt. I denne filmen kan du lære å lage kaviar av rogn frå skrei.

Typar og kvalitet

Det finst ulike typar kaviar, avhengig av kva fiskeslag rogna kjem frå, og kvaliteten på kaviaren kan variere mykje. Her i Noreg tenker vi kanskje først og fremst på kaviar laga av rogn frå torsk eller skrei, som vi bruker som dagleg pålegg på brødskiva, gjerne saman med kokt egg. Internasjonalt vil mange tenke på den eksklusive russiske kaviaren laga av størrogn. Han er svært dyr og har ein heilt annan kvalitet enn den norske, og han blir nytt som ei delikatesse til festlege høve.

Ei brødskive med kaviar laga til på ein kvit tallerken, pynta med urter og majones. Foto.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2024

Læringsressursar

Skrei