Film og filmklipp
Torsketunger
Mange reiknar sprøsteikte torsketunger som ei delikatesse, og det er ein rett med lange tradisjonar i Nord-Noreg. Vi kan servere tunger som ein forrett eller som ein hovudrett. I denne filmen får du sjå korleis du kan lage skikkeleg sprøsteikte torsketunger serverte med tradisjonelt tilbehøyr.
Skjeringa av torsketunger er det tradisjonelt barn og ungdom som har teke seg av, og slik er det framleis den dag i dag. Det er ein del av kystkulturen, og mange barn og unge har i generasjonar tent sine første kroner på denne jobben. Tungeskjering er òg eit viktig ledd i å sikre rekruttering til fiskerinæringa.
Det å bruke alle delar av fisken er ei svært berekraftig utnytting av råvara, og i hovudet finst både tunge og kjakar som begge blir rekna som delikatesser. Når tunge og kjakar er fjerna, kan hovudet brukast til fiskekraft, eller det kan tørkast og malast til pulver. Dette pulveret er svært proteinrikt og kan brukast i næringsmiddelindustrien, som kosttilskot til menneske eller som dyrefôr.