Hopp til innhald

Fagstoff

Bakalao

Bakalao er ein rett som blir laga med utvatna klippfisk. Det finst mange variantar av denne retten, og her får du sjå korleis dei lagar versjonen sin av bakalao på kjøkkenet på Kræmmervika Havn på Ballstad i Lofoten.

Kva er klippfisk?

Klippfisk er salta og tørka kvit fisk, som oftast av skrei eller torsk, men andre artar som hyse, lange, brosme eller sei kan òg brukast. Tidlegare vart den salta fisken tørka ute på klipper, derav namnet klippfisk. I dag blir fisken tørka innandørs ved hjelp av maskiner.

Klippfisk har historisk sett vore ei viktig råvare for Noreg, og han har spelt ei stor rolle for landet som fiskerinasjon. Då salt vart ei vanleg handelsvare på 1700-talet, vaks klippfisk som eksportartikkel og bidrog til stor økonomisk vekst. I dag eksporterer vi òg mykje klippfisk, og dei største marknadene er Brasil, Spania og Portugal.

Utvatning

Vi kan kjøpe klippfisken heil eller i serveringsstykke, tørr eller ferdig utvatna. Tørr klippfisk må vi alltid vatne ut før bruk for å fjerne salt og mjuke kjøttet. Utvatningstida kjem an på tjukna på fiskekjøttet, 1 døgn per centimeter tjukne på fiskestykka er ein tommelfingerregel. Les gjerne tilrådinga frå produsenten om utvatningstid på pakken om det er oppgitt. Fisken bør ligge i kaldt vatn som blir skifta ein til to gonger dagleg. Når fisken blir bløytt, blir han rekna som ferskvare og må derfor oppbevarast kaldt, mellom 0 og 4 gradar.

Mange variantar

Bakalao er opphavleg ein spansk eller portugisisk rett. Ordet bacalao er spansk for torsk, på portugisisk heiter det bacalhau.

Det finst tallause variantar av bakalao, men her i Noreg tenker vi som oftast på den raude tomatbaserte varianten laga med klippfisk, potetar, tomatar, lauk, paprika, oliven, krydder og olivenolje som den tradisjonelle varianten.

Ei skål med fiskestykke i raud saus, pynta med persille. Brødskiver ved sida av. Foto.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen på tørrfisk og klippfisk?

  2. Bakalao finst i mange variantar. Vi kallar den tomatbaserte, tradisjonelle varianten for "raud bakalao", men kva er ein "kvit bakalao"?

  3. I Portugal blir det sagt at ei kvinne må kunne lage 365 ulike rettar med torsk for å vere gifteklar. Kva seier det om betydninga av torsk i det portugisiske kjøkkenet? Diskuter med ein medelev.


Kjelder

Godfisk. (u.å.). Klippfisk. Henta 2. juni 2024 frå https://www.godfisk.no/sjomatskolen/tradisjonsrike-ravarer/klippfisk/

Høberg, E. N. (2023, 5. september). Klippfisk. I Store norske leksikon. https://snl.no/klippfisk

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024

Læringsressursar

Skrei