Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kylling på tre måtar!

Kylling er ei allsidig råvare som kan lagast og setjast smak på på ulike måtar. I denne oppgåva skal de beine ut kylling og lage til lår, brystfilet og venger på tre ulike måtar. De skal òg lage ein saus basert på kyllingkraft.

Oppgåve 1. Teori

Sjå filmen om utbeining av kylling ovanfor, og repeter eventuelt korleis vi koker kraft i artikkelen om kraft.

Oppgåve 2. Praksis

Gå saman i grupper på tre eller fire.

De skal beine ut kyllingen som vist i filmen, koke kraft på kyllingskroget og lage til lår, brystfilet og venger på tre ulike måtar. Kvar elev på gruppa skal beine ut ein heil kylling. Resten av arbeidsoppgåvene fordeler de i gruppa.

  1. Del heil kylling ved å ta av låra og vengene. Skjer ut brystfiletane.

  2. Skroget koker de kraft på slik at de har til sausen, så det må setjast i gang først.

Omnsbakt kyllingfilet

Snurr baconskiver rundt fileten, og bak denne i omn på 130 gradar på kombidamp, dette bruker de steiketermometer på. Kjernetemperaturen skal vere 67 gradar. Steik deretter fileten i ei varm panne for å få han sprø.

Confiterte kyllinglår

Bein ut den ytre enden av låret, og fyll han med finhakka urter og lauk. Dette bind de opp med hyssing. Dette skal no kokast i olivenolje og appelsinjus med masse koriander oppi. Cirka 1/4 av væska skal vere appelsinjus. Legg låra i kjelen, dekk med appelsinjus og olivenolje. Ha i tre matskeier koriander og kok varsamt i cirka 30 minutt.

Panerte kyllingvenger

Kyllingvengene skal trekkast i mjølk og kajennepepar. Sil frå mjølka når vengene er møre. Vengene skal så bli panerte. Gjer klar skåler med kveitemjøl, samanvispa egg og knust cornflakes. Vend vengene i mjøl, så i egg og til slutt i cornflakes. Like før servering friterer de vengene ved 170 gradar til dei er gylne og sprø. Legg dei over på eit papir etterpå slik at feittet renn av.

Saus

Lag ein valfri saus basert på krafta frå kyllingskroget.

Oppgåve 3. Smak og vurder

Smak på alle tre variantane av kylling med sausen. Vurder smak og konsistens på alle tre.

  • Kva for ein av dei tre kyllingvariantane synest du smaker best, og kvifor?

  • Kva for ein synest du har best konsistens?

Oppgåve 4. Teori

  1. Nemn kva for nokre andre tillagingsmetodar du kan bruke på kylling.

  2. Kva tilbehøyr kan passe godt til kylling? Grunngi svaret ditt.

  3. Kva saus kan passe til kylling? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Fjørfe