Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Thanksgiving dinner

Thanksgiving er ei stor høgtid i USA, og den tradisjonelle menyen består av kalkun med tilbehøyr. Derfor blir dagen òg kalla Turkey day. På norsk kan vi best omsetje det med hausttakkefest. I dette prosjektet skal de bli betre kjende med denne tradisjonen og lage eit skikkeleg thanksgiving-måltid.
Eit thanksgiving-kort med eit måleri av ein kalkun, kornaks, frukt, grønsaker og det amerikanske flagget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Finn ut: Kva inngår i ein tradisjonell thanksgiving-middag?

  2. Snakk saman i klassen og bli einige om kva rettar som skal vere med i dette måltidet, og skriv ein meny.

  3. Kva slags drikke passar til?

  4. De skal òg dekke og pynte eit fint bord som kan passe til ein thanksgiving-middag. Skriv ut menyen, og legg ein på kvar kuvert.

  5. Fordel arbeidsoppgåver i klassen, og finn oppskrifter. Skriv ein arbeidsplan.

  6. Produser rettane på kjøkkenet, og inviter gjestar til å ete thanksgiving-måltidet saman med dykk.

  7. Presenter menyen for gjestane.

  8. Ta gjerne ein runde rundt bordet og høyr om nokon har lyst til å dele ein ting dei er takksame for det siste året.

Tips!

Dette prosjektet eignar seg fint til eit tverrfagleg prosjekt saman med engelsklæraren. Då kan elevane i engelsktimane få innblikk i historia bak thanksgiving, skrive menyen på engelsk og presentere menyen på engelsk framfor engelsklærar og andre gjestar.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2022

Læringsressursar

Fjørfe