Film og filmklipp
Utbeining av kylling
Ein kylling kan lagast til heil eller i mindre stykke. Denne filmen viser korleis vi skjer ned kylling i stykkingsdelar. Då sit vi att med venger, lår, bryst og skrog. Filmen fortel også kva vi kan nytte dei forskjellige delane til.
Det er ikkje vanskeleg å dele ein kylling, men for at resultatet skal bli best mogleg, bør du ha ein skarp, spiss kniv.
- Kylling delt i to: Skjer ned langs brystbeinet, brett godt ut og skjer langs ryggbeinet på begge sider.
- Kylling delt i fire: Del der det er naturleg mellom bryst og lår.
- Kylling delt i åtte: Låra deler du best ved å skjere i leddet. Bøy litt på beinet, så finn du leddet lett. Bryststykket deler du berre over på midten.
- Utskjering av lår: Press låret ut frå skroget til leddet knekk. Del over leddet, og låret er laust.
- Utskjering av brystfilet: Ta utgangspunkt i ein heil, rå kylling. Skjer eit snitt langs brystbeinet, og la kniven følgje skroget ned mot venga. Lag eit snitt som går over vengebeinet, slik at brystfileten lett kan skjerast ifrå. Fjern skinnet. Dersom oppskrifta er «kyllingbryst», let du skinn og vengebein sitje på.