Hopp til innhald

Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)

Poteter, ris og pasta

Ein riktig samansett rett må innehalde hovudråvare, grønsaksgarnityr, saus og metningsgarnityr. I Noreg er potet det mest nytta metningsgarnityret. Ris og pasta kan òg vere metningsgarnityr. Ofte kan metningsgarnityret i seg sjølv vere ein god hovudrett.

Poteter

Poteter er ikkje berre poteter. Det er store smaksskilnader mellom ulike potettypar, konsistensen varierer, og dei ulike sortene har forskjellige storleikar. Det finst ei potet til kvart eit høve!

Læringsressursar

Poteter