Hopp til innhald

Fagstoff

Poteta si historie i Noreg

Poteta kom til Noreg rundt 1740, og potetprestane hadde ei svært viktig rolle i arbeidet med å opplyse folk om kor viktig det var å ete denne knollen. Poteta har vore med på å sikre tilgang på næring i både gode og dårlege tider, og har på den måten vore svært viktig i det norske kosthaldet.
Seks jenter med kvar si korg med poteter. Dei er i ferd med å tømme korgene i ei hestekjerre som snart er fylt heilt opp. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handelsmannen som kom med poteta

Dame sit og skreller potet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Åke Jønsson var ein omreisande handelsmann i Sverige omkring 1740, og han var nok ein av dei første som hadde med seg potetplanten til Noreg. Det var dårlege tider i Sverige, og Åke fann ut at han like gjerne kunne prøve lukka i Noreg. I skreppa si hadde Åke nokon «nymotens knollar» som han hadde fått hos ein adelsmann i Nolhaga i Sverige. På ein gard i Vinger lurte dei svært på kva dette var for noko, og Åke gav bort nokon av knollane. Han fortalde dei om poteta og kva ho kunne brukast til.

Potetprestar

Tre kvinner med forkle og kvite hovudeplagg skreller poteter. Dei har kvert sitt kar i fanget der dei legg dei ferdigskrelte potetene. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rundt ikring i Norges land fanst det mange opplysningsprestar. Nye og viktige opplysningar blei lesne opp i kyrkja, som stort sett var den einaste staden der folk møttest. Herman Ruge og fleire andre prestar preika om poteta i kyrkja for å opplyse kyrkjelyden om denne nytteveksten. Etter gudstenesta meinte kyrkjelyden at presten ikkje hadde mykje å snakke om. Ruge begynte sjølv å dyrke poteter på prestegarden i Valdres og serverte poteter til gjestene sine. Dette gjorde han for at bøndene skulle bli freista til å dyrke den nye planten. Herman Ruge var ein typisk «potetprest», noko som òg innebar at han gav bort potetknollar og sette poteter langs landevegen slik at folk kunne forsyne seg når dei sjølv ville. Ved at bøndene kunne forsyne seg med poteter i vegkanten, blei det heller ikkje så synleg at dei var fattige og hadde trong for ekstra mat.

Det var vanskeleg for det norske folk å innsjå at dei var nøydde til å nytte poteta for å berge liv og helse. Å dyrke potet var eit teikn på fattigdom. Poteta kom likevel til å ha mykje å seie for kosthaldet til Noregs befolkning.

Overtru knytt til «den farlege poteta»

Flatbrød i haug. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Folk var skeptiske til den nye planten, og dei ville ikkje ta i bruk verdifull kornjord for å dyrke poteter.

Det var mykje overtru knytt til den «farlege» potetplanten:

  • Poteta var djevelens verk fordi ho budde under jorda og ikkje var omtalt i Bibelen.
  • Ho kunne gjere fordøyinga dårlegare.
  • Ho kunne skade blodet.
  • Ein blei dum og spedalsk av å ete potet.
  • Slemme barn blei òg truga med planten. Trugsmåla gjekk ut på at dersom barna ikkje var snille, kom potetplanten og «drog dei ned i jorda så dei blei til ei potet».

Uår i Noreg – poteta blei viktig

På byrjinga av 1800-talet (frå 1807 til 1814) var det uår i Noreg. Det var kalde somrar med mykje regn som førte til at kornet ikkje vaks som det skulle, og krigen mot England førte til at England nekta å selje korn til oss.

Nærbilete av to og en halv potet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ettersom kosten vanlegvis omfatta graut og flatbrød, førte dette igjen til stor matmangel i landet. Då fekk folk for alvor opp auga for potetene, som vart kalla «brødkorn for krisetider». Potetene berga mange liv i denne perioden. Potetdyrkinga gjorde det òg mogeleg å busetje seg på høgtliggjande gardar, fordi poteta var hardfør og gav sikre avlingar.

I perioden mellom 1809 og 1835 blei dyrkinga av poteter til mat seksdobla! Folk blei avhengige av poteta, og ho blei ein viktig del av det norske kosthaldet. Dyrkinga skaut enda større fart då bøndene fann ut at dei kunne byte ut kornet med poteter til brennevinsproduksjon.

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim, Monica Sandnes, Inger Helene Helgesen og Anita Manum.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Poteter