Sosiologi og sosialantropologi
Sosialisering og medborgarskap
Sosialisering og medborgarskap handlar om sosialisering, marginalisering, sosiale avvik, kommunikasjon og samhandling.
Sosiale avvik
Sosiale avvik er åtferd som bryt med normene i eit samfunn. Dette kan vere på eit uformelt eller formelt nivå. Dersom ein bryt dei formelle normene i samfunnet, snakkar vi om lovbrot. Når vi bryt normene, kan vi møte sanksjonar. Sanksjonar er reaksjonane på normbrota.